Den påståtte valdtekta skal ha skjedd i på ein fest i Bergen sentrum 4.januar i fjor. Kvinna var i leiligheita saman med ein ven og ein annan mann.
Medan den andre mannen låg og sov, skal jenta ha valdteke han og venen teke bilete av det, skriv Bergens Tidende.
Vakna medan det sto på
Mannen skal ha vakna av det påståtte ovegrepet. Etterpå forlet den krenka mannen leiligheita omgåande og gjekk heim og fortalde kjærasten sin kva som hadde skjedd. Deretter gjekk han nedbroten til politiet og melde saka.
Vedgår sex
Både kvinna og venen hennar vart pågripne av politiet. Kvinna har heile tida hevda at det ikkje hende noko som helst seksuelt på festen. Tysdag endra ho forklaring og vedgjekk at ho hadde seksuell kontakt med mannen, men ho hevdar at dette var frivillig.
- Like alvorleg
Blir kvinna funne skuldig, risikerer ho same straff som menn som blir dømde for valdtekt. - Lova er like streng for kvinner som menn i slike saker, sier statsadvokat Jarle Golten Smørdal til BA. Han skal føre saka mot den valdtektssikta kvinna.
- Eg kjenner berre til ei anna sak frå Høgsterett der ei kvinne har vore tiltala for valdtekt, seier Golten Smørdal.
Den sovande mannen skal ikkje ha blitt utsett for fysisk vald, men 31-åringen krev 100 000 kroner i oppreising.