Hopp til innhold

– Ikkje klare til å kvitte oss med fasttelefonen

I fjor haust kopla Telenor ut fasttelefonen i Modalen, som den første kommunen i landet. Det har ikkje gått heilt som planlagt. No spør modølene seg om resten av Noreg er klare.

Det mener folk i Modalen kommune i Hordaland som i fjor gikk med på å kvitte seg med den gamle teknologien. De ble overasket av ekstrakostnader og beredskapsproblemer uten fast-telefoni.

SJÅ TV-SAKA: Modalen kommmune gjekk med på å kvitte seg med fasttelefonen i august 2013. Dei vart overraska over ekstrakostnader og beredskapsproblem utan den gamle teknologien. Reporter: Oddgeir Øystese | Foto/redigering: Ingfrid Berge Fossåskaret

Vi skjønte nok ikkje heilt kva vi sa ja til

Rådmann Øivind Olsnes i Modalen kommune

Det var den vesle kommunen Modalen, heilt nord i Hordaland, som vart valde ut til å vere dei første som skulle prøve seg utan fasttelefonen. Kraftkommunen har nok pengar til å gå framtida offensivt i møte.

Prøveprosjektet til Telenor skulle verta eit utstillingsvindauge for korleis det nye telefonnettet i Noreg skal bli.

– Me har satsa på ny teknologi tidlegare, mellom anna når me bygde ut fiber. No ville me vera i front, og sa ja når me vart spurt, seier rådmann Øivind Olsnes i Modalen kommune.

Vindauget slår sprekkar

Som einaste kommune i landet har dei her utrydda fasttelefonen. Men erfaringane til modølane er at det kan vera både dyrt og tungvint å vere moderne.

For åtte månader etter at Telenor skrudde av fasttelefonen hjå dei kring 400 innbyggjarane i Modalen, har utstillingsvindauga byrja å slå sprekkar. Innbyggjarane slår alarm.

Dekninga for mobiltelefonane er elendig og det rådyre fibernettet leverer ikkje som det skal. Innbyggjarane bekymrar seg for kva som skjer om straumen skulle gå i ein naudsituasjon. Dei som no har telefon gjennom breibandstilkoplinga vil då få problem.

– Det er eit stort problem. Det er dårleg dekning og viss me mistar vi straumen så har vi ikkje kontakt via telefon i det heile, seier innbyggjar Janice Ritchie.

– Sårbare

Grete Urdal

MIDT INNE PÅ AVDELINGA: Barnehagestyrar Grete Urdal har ikkje dekning på mobilen inne på den eine avdelinga i barnehagen.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

I Modalen barnehage viser styrar Grete Urdal fram dekninga si på mobilen. På skjermen blinkar to fattige strekar oppe i høgre hjørne. Og medan ho går lenger og lenger inn i barnehagen blir det verre.

– No trur eg ikkje vi skal veldig mykje lenger inn før det forsvinn heilt, seier Urdal og går gjennom døra til ein av avdelingane.

Det er tydeleg at det ikkje skal mykje til før modølene vert heilt isolerte.

– Her er det ikkje dekning, seier Urdal medan ho står midt inne på golvet på avdelinga.

– Sårbart?

– Ja.

Telenor: – Nøgd

I store delar av dalen er det ikkje mobilsignal. Tryggleiksalarmar, kortautomatar og faksmaskiner var saman med telefonen kopla til omverda med gamle koparkablar.

Alt må erstattast og det skapar bry og utgifter for ein pilotkommune. Telenor vil fase ut den gamle fasttelefonen i løpet av få år. Og dei meiner arbeidet går etter planen.

– Vi er nøgd med pilotprosjektet i Modalen, det tykkjer vi har gått bra. Vår erfaring er at dei aller fleste er nøgd. Det er klart at når du går inn i eit større område så vil det alltid vere nokon som hevdar dei skulle hatt det annleis, seier divisjonsdirektør Arne Quist Christensen i Telenor Norge.

Saka held fram under biletet

Dekning Modalen

DEKNINGSKART: Grøn farge syner dekninga for EDGE-nettet medan gul farge syner dekning for 3G nett.

Foto: Telenor sitt dekningskart / Skjermdump

Forstår at innbyggjarane er uroa

Arne Quist Christensen

NØGD: Divisjonsdirektør Arne Quist Christensen seier Telenor Norge er nøgd med pilotprosjektet i Modalen.

Foto: NRK

Christensen forstår likevel at innbyggjarane er uroa for kva som skjer om straumen går inne i Modalen.

– Ein er avhengig av straum viss breibandlinja skal fungere. Når det gjeld mobilnettet har vi batteri og dieselaggregat på basestasjonane våre.

– Men om straumen går i huset under ein naudsituasjon?

– Forhåpentlegvis har dei ein lada mobiltelefon, slik at den fungerer i til dømes eit døgn. Som sagt, breibandlinja vil forsvinne når straumen går. Med koparlinje vil dei ha forbindelsen oppe å går så lenge det er straum på vår sentral, forklarar Christensen.

Trur ikkje resten av landet er klare

Mobilsendarar, straumaggregat og ny teknologi må på plass før kommunen kan kommunisere i krisesituasjonar. Det er store uventa investeringar.

– Skjønte de kva de sa ja til å vera med på?

– Det gjorde meg nok ikkje fullt ut, innrøm rådmann Olsnes.

Og når ein kommune som Modalen, med god råd og utbygd fiber, får så store problem kan ein spørje seg om resten av Noreg er klare for å kvitte seg med fasttelefonen.

Olsnes har svaret.

– Det trur eg ikkje. Det er meir komplekst i kommunikasjonen enn det ein såg for seg når ein starta på prosjektet.

Innbyggjarane er samde.

– Det har gått litt meir utover ting enn det folk tenkte over, avsluttar Janice Ritchie.