Av Espen Hatlestad og Eli Bjelland
Færøyske Smyril Line har kjøpt opp aksjemajoriteten i Fjord Line.
Forskar Christine Meyer trur at det vil skapa problem for dei norske tilsette.
- Smyril Line hadde eit underskot på 24 millionar kroner i 2005, og 35 millionar kroner i 2003, fortel ho.
- Ikkje snille
Rederiet har slitt med økonomien, og det teiknar ikkje bra for dei 500 tilsette i Fjord Line no når Smyril Line blir hovudaksjonær i det norske rederiet.
- Det viser at dei har slitt ein periode, og dei har jo då tydelegvis rasjonalisert for å prøva å koma meir på oppsida. Det er nok ikkje mykje rom for å vera snill, seier Meyer.
Og det er nett snill dei tilsette i Fjord Line no håpar at Smyril Line er. Dei har sidan fredag venta i spenning på å få vita kva som skjer med arbeidsplassane deira.
Fryktar å mista jobben
Hovudtillitsvalgt Sigvart Bjørnevik veit kva resultatet blir, men har teieplikt og må halda på løyndomen.
- Å sitja inne med ting du ikkje har lov til å gå ut med når det gjeld medlemmene dine er ikkje kjekt i det heile tatt. Alle fryktar for jobbane sine no når me har fått nye eigerar, fortel han.
Kan mista rettar
Christine Meyer kjenner ikkje saka i detalj, men ho meiner at Fjord Line-tilsette har mykje å frykta.
- Dei kan nok venta seg å mista nokon av rettane sine dersom dei to selskapa blir slått saman. Eg hadde frykta framtida mi om eg hadde vore tilsett i Fjord Line, avsluttar ho.
Dei tilsette vil få beskjed om kva som skjer vidare seinast måndag i neste veke.