Etter legionella-utbrotet i Austfold har Helsevernetaten bede alle verksemder melde frå om kjøletårn. Først måndag ettermiddag fekk ferdigmatprodusenten Toro godkjend sitt kjøletårn i Arna, etter ein inspeksjon av helsevernetaten.
Det same gjeld tre andre verksemder i Bergensområdet, mellom anna ei fiskeriverksemd i Sund og ei gjennvinningsverksemd i Fjell kommune.
- Kritikkverdig
At desse verksemdene ikkje har registrert kjøletårna sine før no er kritikkverdig, seier smittevernoverlege i Bergen Øystein Søbstad. - Det som er problemet er at det har vore opp til dei som eig og driv å melde frå om kjøletårn.
Smittevernetaten i Bergen har tidlegare hevda at dei har full oversikt over kjøletårna i fylket. No vedgår smitteoverlegen at slik systemet er no, er det omlag uråd å ha full kontroll.
- Vi kan ikkje ha anna oversikt enn det folk gjer oss høve til å ha. Dersom folk ikkje melder frå, kan vi heller ikkje sende detektivar ut i miljøet for å leite dei fram, seier Søbstad.