NRK Meny

Under her ligg Rallarvegen

Dryge to veker før opning er det framleis mykje snø å sjå langs Rallarvegen på Finse.

Rallarvegen

INGEN SYKKEL I SIKTE: Ein har strødd ut sand og grus for å prøva å få snøen til å smelta raskare.

Foto: Jack Greatorex

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Langs delar av sykkelruta som går langs Bergensbanen frå Haugastøl til Flåm eller Voss, vil ikkje snøen forsvinna.

Ifølge NVE kan denne våren reknast som den mest snørike på 50–60 år.

For litt over ei veke sidan gjekk Fylkesrådmannen med på å tillata åting på delar av sykkelvegen, som ei prøveordning. Åting går ut på å strø sand eller grus på snøen slik at den skal den kunna smelta fortare.

Dagleg leiar ved Finse 1222, Maren Skjelde, er optimistisk med tanke på opning om to veker.

– Me følg nøye med på smeltinga, og me ser at det smelter mykje kvar dag. Det er likevel ikkje mogleg å sykla der no, men me kryssar fingrane for at mykje skjer dei neste par, tre vekene.

Maren Skjelde

POSITIVT: Maren Skjelde ved Finse 1222 seier dei kjem til å gjere det dei kan for at det snart skal vera mogleg å sykla Rallarvegen.

Foto: Privat

Delar av vegen open

Skjelde seier det vil gå heilt fint å sykla frå Haugastøl til Finse, men at det frå Finse vil bli verre.

– Eg trur det vil vera for mykje snø til å kunna sykla frå Finse og over det høgaste punktet vest for Finse. Frå Hallingskeid vil det normalt vera heilt fint å sykla frå starten av sesongen.

Kor mykje meir snø er det no samanlikna med «normalen?»

– Det er litt vanskeleg å sei, men til forskjell frå tidlegare år, minka det ikkje noko særleg i mai.

Mjelde opnar hotellet 3. juli, og er klar for å ta i mot syklistane.

– Det er jo stort sett alltid snø langs Rallarvegen i starten på sesongen, uavhengig av snømengd og farten på smeltinga. Men om det ligg for mykje snø, og me ikkje har klart å laga gode passasjar langs dei snørike strekningane - vil me råda gjestane våre til å ta toget til Hallingskeid, seier Skjelde.

Mange har syklet Rallarvegen i år

RALLARVEGEN: Her er den populære sykkelvegen fri for snø i fjor.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Håpar på sakte smelting

Kristin Seter, meteorolog i vêrvarslinga på Vestlandet kan ikkje sei noko om kor fort snøen på Rallarvegen kjem til smelte.

– Det er unormalt mykje snø i fjellet, det var det allereie i vinter. At det framleis er så mykje ut i juni er unormalt, seier Seter.

Med tanke på flaumfare er det ikkje til det beste at snøen forsvinn raskt.

– Me håpar på ei moderat temperaturstiging i fjellet, for å unngå flaum. I ei ideell verd hadde me fått små endringar i fjellet og meir varme i låglandet.

Vêrvarselet for Finse viser ikkje dei største endringane.

– Det ser ut til å sakte, men sikkert bli mildare. Det kjem nedbør i form av regn dei neste dagane, kanskje sludd. Med temperatur på 2 til 5 grader kan det bli både snø, regn eller sludd. Seinare i veka blir det lite nedbør, slår Seter fast.

Rallarvegen

SNØDEKT: Under her håpar ein at grusvegen vil titta fram om ikkje lenge.

Foto: Jack Greatorex

Siste video

SE VIDEO: Hunden Viggo trener ved Fjellanger hundeskole på Lysekloster i Os. Han skal lære å snuse på pusteprøver fra pasienter og kjenne igjen lukten av kreft.
Døpes i Tromsø