Hopp til innhold

Snørik vinter har gitt rekordar i stengde fjellovergangar

– Det er Vikafjellet og Hardangervidda som skil seg klart ut i negativ retning, stadfestar Statens vegvesen.

Vikafjellet

MEST STENGD: Fjellovergangen over Vikafjellet har vore stengd i over 2000 timar så langt i år.

Foto: Statens vegvesen

– Vi fekk ei brå start med mykje snøfall tidleg på sesongen. Vi fekk tidleg mykje snø og høge kantar. Det vart ganske krevjande forhold ganske tidleg på sesongen, og det vart fort stengt sjølv med lite vind, seier Daniel Holte som køyrer brøytebil på Hardangervidda.

Han var ein av mange som merka at det vart tidleg mykje å bala med på fjellovergangane i vest denne vinteren. Det er sett fleire rekordar når det gjeld stengde fjellovergangar denne vinteren.

– Stengd 84 døgn

Aller verst har det vore på Vikafjellet, som har vore heilt stengt i 84 døgn, eller over 2000 timar, men også Hardangervidda har vorte lang for mange denne vinteren.

Turistsjef Pål Knutsson Medhus

KRITISK: Turistsjefen på Geilo, Pål Medhus, er kritisk til at den kortaste reisevegen mellom aust og vest er så mykje stengd.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Vegen har vore stengd over 400 timer denne vinteren, og ligg på ein andre plass i den lite populære konkurransen om ha mest stengt.

Lastebileigarlaget meiner det difor ikkje er verdt å prioritera denne vegen.

– Om vi må velja mellom dei fem fjellovergangane i Sør-Noreg så har vi sagt at vi ikkje vil velja å prioritera riksveg 7, seier Jan Ove Halsøy i Lastebileigarlaget.

– Kritisk til stenginga

Då er det annleis for hyttefolket, som har dette som si viktigaste ferdselsåre til blant anna ferieparadiset på Geilo.

Turistsjefen i fjellbygda, Pål Medhus, er kritisk til at den kortaste reisevegen mellom aust og vest er så mykje stengd.

– Det er ganske brutalt å oppleva korleis bergensarar og vestlendingar ikkje kjem seg til fjells på den raskaste vegen mellom Bergen og Geilo, som er riksveg 7, seier Medhus.

– Folda hender og be

– Kva vil du seie til dei på Geilo som er uroa for at skituristane frå Bergen ikkje kjem seg over Hardangervidda?

– Ja, det einaste dei kan gjere er å folde hender og be. Fordi for oss så er det været som styrer når vi kan ha opent og når vi må innføra kolonnekøyring, seier derimot Haaland i Statens vegvesen.