Hopp til innhold

Bjørn Tore sprang 26 mil på 24 timar

Ultraløparen sette ny verdsrekord på tredemølle. Etter eit døgn på beina stoppa kilometerteljaren på 264,55 kilometer.

Bjørn Tore Taranger

VERDSREKORD PÅ TREDEMØLLE: Bjørn Tore Taranger sprang i 24 timar for ei god sak. No har han sett ny verdsrekord.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

På treningssenteret Aktiv 365 på Paradis i Bergen har det det siste døgnet blitt kjempa om å setje blytung verdsrekord.

Målet var å springe over 261,18 kilometer på 24 timar. Denne rekorden sette Luca Turruni frå Australia i mai i fjor.

Klokka 10.00 fredag var ultraløpar Bjørn Tore Taranger i mål. Fasiten blei 264,55 kilometer.

Allereie to timar før hadde Taranger slått den nordiske rekorden, og 17 minutt før det var gått 24 timar var den gjeldande verdsrekorden slått.

– Dette betyr alt. Dette er det største eg har gjort og opplevd nokon gong, seier ein overvelda Taranger til BA, som har direktesendt heile løpet på sine nettsider i 24 timar.

SJÅ MÅLGANG: Bjørn Tore Taranger klarte over 26 mil på 24 timar. Her kan du sjå slutten av løpet.

Kjendisparty på møllene

Sjølv var Taranger godt førebudd på løpet.

– Når det kjem til 24-timars løp har eg gjort dette mange, mange gonger, men eg har aldri gjort det på mølle, sa ultraløparen til NRK torsdag.

Bjørn Tore Taranger verdsrekord

GAV IKKJE OPP: Med unntak av eit fall og eit toalettbesøk sprang Taranger samanhengande i 24 timar.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Den tidlegare rocketrommisen sprang heller ikkje aleine. Kjente profilar som Kygo og Davy Wathne deltok også på løpet.

Dei sprang på ei samla «kjendismølle» ved sidan av Taranger, og skulle vere ein motivasjonskjelde for han i løpet av dei 24 timane han oppheldt seg på mølla. Han avslutta løpet saman med Brann-profil Fredrik Haugen.

Alt inntak av mat og drikke måtte òg skje på tredemølla, og på menyen kunne ein finne alt frå vestlandslefser til nudlar.

Skulle naturen kalle måtte han, bokstavleg talt, springe til toalettet.

Sprang for ei god sak

Lokalet hadde også stelt i stand eigne «publikumsmøller», der frivillige frå publikum kunne slenge seg med på moroa.

I tillegg til å vere eit verdsrekordforsøk var løpet også del av ein innsamlingsaksjon til Haukelands Venner. Dei som ville kunne velje å donere valfrie beløp via banktenesta Vipps.