NRK Meny
Normal

Turistforeininga overtok livsverket til Bjarne (81) – no er det rive

KVAMMAFJELLA (NRK): 81-åring brukte 44 år på å byggje hyttetunet 1100 meter over Hardangerfjorden. Så lot han turistforeininga overta. Då reiv dei deler av livsverket.

Breidablik

MEKTIG: Slik såg det gamle tunet på Breidablik ut.

Foto: Joakim Vatnaland

Presisering: I den opphavlege versjonen av denne saka skreiv NRK at «Bjarne (81) gav bort livsverket til turistforeininga». Det korrekte er at DNT kjøpte Breidablik av Huse.

– Me har framleis minna, seier Bjarne Huse heime i Øystese.

81-åringen er godt kjend for turgåarar i Bergsdalen mellom Voss og Hardanger. 1162 meter over havet bygde han opp eit hyttetun utan like. Der tok han og kona Anne Marit alltid imot fjellfolket.

Det tok 44 år å byggje. Han har halde rekneskap og talt nær 1000 turar til fjells. Mange av steinane som han laga murane med, frakta han opp i sekk på ryggen. Inventaret har han snikra og spikka.

– Folk har fortald meg at dei hadde gode minner frå plassen, seier Huse.

Bjarne Huse

MINNE: Minna har han enno. Men hyttetunet som Bjarne Huse bygde 1162 meter over havet, blir aldri det same igjen.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

– Brutalt

Men for fem år sidan let han Den Norske Turistforening (DNT) overta. Huse seier han kunne selt til private, men valde å la DNT få kjøpa livsverket.

I to år vurderte dei kva dei skulle gjere med Breidablik. Svaret blei å rive to bygningar og heller byggje ei større, moderne hytte.

– Det var brutalt. Men me måtte godta det, seier Huse.

– Eg har ikkje sagt imot det. Eg har ikkje det.

Andre har protestert og kalla det som skjer, ei rasering. Ingar Vatne er ein av dei som har sagt meininga si til turlaget, både i lokalavisa og i aksjonar i sosiale media.

– Det var ein unik plass og livsverket til dei som har bygd det. Dei kunne heller fiksa på dei gamle hyttene og bygd ei ny utanfor, meiner Vatne.

DNT: Vanskeleg avgjerd

Leiar Helene Ødven i Bergen og Hordaland turlag, lokallaget til DNT i vest, seier det var ei vanskeleg avgjerd.

– Det var senkingsskadar og ròte i reisverket. Heile «nyehytta» vart bygd i 1981. Vi meinte det var riktig å rive og heller byggje ei ny, flott hytte, seier Ødven.

Dei ville bevare hyttetunet. Derfor var det ikkje aktuelt å leggje den nye hytta lenger unna, legg ho til.

– Vi har tatt vare på alt av inventaret, på steinane og torven. Det skal bli gjenbrukt i den nye hytta, seier Ødven.

På Breidablik er det Bjørn Ståle Vike som er byggeleiar for den nye hytta som no vert reist. Den skal stå ferdig i oktober og vert opna for turfolket til neste år. Han har bygd fjellhytter for DNT sidan 1985 og innrømmer at det var vemodig å rive på Breidablik.

– Dette var jo livsverket til Bjarne. Eg har bygd mykje i fjellet og har i alle fall ein idé om kor mykje innsats han har lagt ned her. Men eg meiner likevel det er rett å byggje nytt, seier Vike.

Breidablik

NYTT: Den nye hytta er i ferd med å bli reist på Breidablik. Vegard Birkeland Vike studerer arbeidet.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Fjellfolket først

For Bjarne Huse er det viktigast at plassen framleis skal vere open for ålmenta.

– Eg kunne seld til private, men eg ville at turfolket skulle få oppleve plassen òg i framtida. Fjellet og utsikta mot Folgefonna. Så då må eg godta det som skjer.

– Me har gitt det frå oss. Då må det bli slik, seier Huse.

Breidablik

IDYLL: Desse to bygga på Breidablik er no rivne.

Foto: Siv Helberg