Hopp til innhold

Trappar opp streiken i Hordaland

Utdanningsforbundet trappar opp skulestreiken. Frå og med neste veke vil kring tusen lærarar i Bergen vere tatt ut i streik.

Streikende lærere ved Lille Lungegårdsvann

STERK STREIKEVILJE: – Lærargruppa har ei streikevilje større enn nokon gong, seier streikeleiar i Bergen, Bjarne Mohn Olsvold.

Foto: Mette Anthun / NRK

– På grunn av det som skjedde i går kom opptrappinga no, og den vil gjelde frå torsdag. I og med at dette er første skuleveke så ynskjer vi framleis å ikkje rama elevar på barneskulen, seier leiar i Utdanningsforbundet i Bergen, Bjarne Mohn Olsvold.

Men etter det NRK erfarer blir også lærarar ved barneskular tatt ut i streik, men ikkje første klasse.

Tusen streikande i Hordaland

I Bergen vil 315 nye lærarar bli tatt ut i streik. I utgangspunktet var allereie kring 800 lærarar streikande, no er altså over tusen lærarar tatt ut i streik.

– Kvifor trappar de opp no?

– Me er veldig skuffa over at arbeidsgivar ikkje har tatt inn over seg alvoret i situasjonen. Dei forstår ikkje kva me krev, og kva som skal til for at lærarane skal akseptere ei løysing.

– Situasjonen er spent

Sjølv om barneskular til no har vore skjerma frå streiken er det ytterlegare ingenting som tilseier at barneskulen vil halde fram å vere skjerma dersom streiken blir ytterlegare trappa opp, seier Mohn Olsvold.

– Dette er jo ein spent situasjonen, og ikkje noko som vil vare ved. Lærargruppa har ei streikevilje større enn nokon gong.

Desse skulane blir tatt ut i streik:

Laksevåg videregående skole

Fana gymnas

Slåtthaug videregående skole

Nordahl greieg videregående skole

Rothaugen skole, Rå skole, Ytre arna skole

Kjøkkelvik skole

Kyrkjekrinsen skole

Mjølkeråen skole, Mjølkeråen skole

Nattland skole, Eidsvåg skole, Olsvik skole

Skranevatnet skole

Åstveit skole

Holen skole

Slåtthaug skole