Hopp til innhold

– Eg er klar til å setje ned foten

I staden for å førebu seg til skulestart, streikar no meir enn 600 lærarar på ungdomsskular og vidaregåande skular i Trøndelag.

lærerstreik

BERRE EIN GUL VEST: Førebels er det ingen ungar å sjå utanfor Markaplassen skule, men enno er det ei veke til skulestart.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Lærarane var lette å få auge på i gule streikevester der dei sto utanfor ni av skulane i Trøndelag i dag.

– Eg ville mykje heller ha gjort det eg er utdanna til og jobbar med, men eg er klar for å streike så lenge det måtte vare, seier Øystein Gjerde Nilsen ved Rosenborg skule.

LES OGSÅ: 5500 lærere i streik i dag

Må kunne vere fleksible

lærerstreik

LETT SYNLEGE: Fleire lærarar sto i Norde gate for å fortelje folk kvifor dei streikar.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

I Norde gate i Trondheim står det òg streikande lærarar. Blant dei var Lisbeth Strickert frå Utdanningsforbundet, og ho fortel gjerne folk på gata kvifor lærarne streikar.

– Etter ti år med stadig aukande kontroll av arbeidsoppgåver og detaljstyring, har vi fått nok. Vi treng fleksibilitet for å vere gode lærarar for elevane våre, seier ho.

LES OGSÅ: Langvarig møte om lærerstreiken i dag

– Dette er feil

Vegard Sjøli

SYNEST DET ER FEIL: Vegard Sjøli spør kvifor lærarane ikkje kan gjere arbeidsoppgåvene sine ferdige på skulen.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Vegard Sjøli var ein av dei som stoppa opp og tok ein prat med lærarane i Nordre gate.

– Slik eg har forstått det, streikar dei fordi dei vil meir fleksible slik at dei kan gå heim og gjere arbeidsoppgåvene i staden for å sitje på skulen. Det meiner eg er feil.

– Eg synest dei godt kan vere på skulen og gjere oppgavene sine der, slik vanlege folk gjer på sine arbeidsplassar, seier han.

LES OGSÅ: Elever frykter ødelagt skolestart

Lærarar ikkje som vanlege folk

Dei fleste rekk å bli ferdige med arbeidsoppgåvene sine i arbeidstida. Derfor forventar nok mange at lærarane òg skal klare det. Det trur Elin Noum som er lærar ved Charlottenlund ungdomsskule.

– Det er nok mange som ikkje veit korleis arbeidsdagen vår er lagt opp, seier ho.

Her forklarar Lisbeth Strickert frå Utdanningsforbundet nærare kvifor lærarane no streikar:

Først til lærerstreiken - for i stedet for å forberede skolestart er nå mer enn 600 lærere på ungdomsskoler og videregående i Trøndelag i streik.