Hopp til innhold

Fann dopinglager på loft – avslørte nettverk med over 100 involverte

POLITIHUSET I BERGEN (NRK): Ligaen skal ha omsett dop på nett for fleire titals millionar kroner. – Ei av dei største dopingsakene som er etterforska i Noreg, seier politiet.

Beslag av dopingmiddel i Bergen

STORT LAGER: På dette loftet i Bergen fann politiet store mengder dopingpreparat og produksjonsutstyr.

Foto: Politiet

Statsadvokaten har tatt ut tiltale mot ti personar for grov dopingkriminalitet, som ledd i aktivitetane til ei organisert kriminell gruppe. To av dei har bakgrunn frå Sunnfjord, medan andre er frå Bergen og Buskerud.

Nettverket, som har base i Bergen, har omsett narkotika for fleire titals millionar kroner til store delar av Noreg.

Distribusjonen har føregått via internett.

– Dette er ei av dei største dopingsakene som er etterforska i Noreg, sa politiadvokat Kristin Harstad då politiet hadde pressekonferanse om saka torsdag ettermiddag.

Over 100 involverte personar

Det heile starta i november 2015, då politiet gjorde eit stort dopingbeslag på eit loft i Bergen. To personar vart arresterte av politiet.

I desember same år avdekka politiet eit nytt dopinglager med 15 kilo reint verkestoff i Hokksund, og tre personar vart arresterte.

– Etterforskinga viser at beslaga var knytt til same nettverk, og at hovudtyngda av dei involverte høyrde til på Vestlandet, fortel Harstad.

PRESSEMØTE: Politiadvokat Kristin Harstad (f.v.), etterforskningsleiar Hege Garberg Natland og etterforskingsleiar Askel Rødland møtte torsdag pressa på politihuset i Bergen. Der informerte dei om siste utvikling i ei av Noregs største dopingsaker.

Vidare følgde fleire dopingbeslag:

  • 21. januar 2016: 2 kg ferdigproduserte dopingmiddel beslaglagd i Hedmark, på svenskegrensa. Tre personar arresterte.
  • 13. februar 2016: 0,7 kg ferdigproduserte dopingmiddel beslaglagd på svenskegrensa ved Svinesund. To personar arresterte.
  • 5. mars 2016: 5 kg ferdigproduserte dopingmiddel beslaglagd i Høyanger. Fleire personar arresterte.

I tillegg har politiet tatt beslag i store mengder legemiddel som blir brukt for å kompensere for biverknader ved dopingbruk.

– Vi anslår at beslaga av ferdigproduserte dopingmiddel har ein samla salsverdi på minst 30 millionar kroner, seier etterforskingsleiar Askel Rødland.

Over 100 straffesaker

– Som følge av etterforskinga har politiet oppretta straffesaker mot i overkant av 100 personar, seier Harstad.

36 av dei har vore arresterte og sikta for å ha ei rolle i nettverket, ved å stå bak eller medverke til omsetning av dopingmiddel.

Alle dei sikta er arresterte i Noreg, med unntak av ein norsk statsborgar som har vore busett i utlandet, og vart arrestert i Russland i 2016. Det føregår også etterforsking av nettverket i Polen, Sverige og Russland.

– Dei fleste involverte er norske statsborgarar mellom 20 og 45 år, busett i Noreg. Dei mest sentrale bur i Hordaland, Sogn og Fjordane og Buskerud, seier etterforskingsleiar Hege Garberg Natland.

Rettssak i september

I samband med etterforskinga har det vorte oppretta straffesak mot fem tilsette i politiet, fortel Natland.

– Tre av desse sakene er lagt vekk og to er avgjort ved førelegg. Ingen av desse fem er blant dei mest sentrale personane i saka, seier etterforskingsleiaren.

Rettssaka mot tre av dei tiltalte startar i Bergen tingrett 10. september i år. 7. januar 2019 startar rettssaka for dei sju siste tiltalte. Det er sett av høvesvis fire og 25 veker til sakene.

– Ingen av dei som er sikta eller tiltalt er varetektsfengsla no, seier Natland.

Strafferamma for grov dopinglovbrot er inntil seks års fengsel.

Fleire av dei tiltalte var også involvert i ei stor dopingsak som politiet kalla «Operasjon Gullfugl», der over 60 personar vart arresterte.