Fylkesmannen si landbruksavdeling har til no registrert 250 små gårdsbedrifter som sel eigenproduserte pølser, melkeprodukt, frukt, ost og grønt.
Dermed er Hordaland det fylket der flest bønder foredlar råvarene sine sjølv.
Årsaka til den store interessa for eigen foredling, er at det gjer det mogeleg å auke fortenesta på garden kraftig.
Løner seg
Bjørg Skarbø på Radøy med sine Herefordkyr. Foto: Turid Rogne
På Radøy har Bjørg Skarbø og familien i mange år drive kjøtproduksjon med kurasen Hereford. Men for eit år sidan bestemte dei seg for å starte med foredling av kjøtet. Dermed blei Tjore gardsmat etablert. Motivasjonen for å drive sjølv er enkel.
- Eg driv med dette her no får å auke innteninga på garden, seier Skarbø. Ho seier at om berre sel kjøtet til slakteriet er det små mogelegheiter for å tene pengar.
På landstoppen
Ved landbruksavdelinga til fylkesmannen har Gunnar Nagell Dahl sett interessa blant både bønder og kjøparar auke kraftig siste åra.
- Vi ligg langt framom dei andre regionane i landet, seier Nagell Dahl. - Eg trur det er på grunn av dei små gardsbruka her i fylket, samt at ein har eit marked i Bergen som er veldig interessert.
Skarbø har lite å angre på. Etter at Tjore Gardsmat har eksistert i eitt år, tener ho no pengar på maten laga på garden på Radøy.