Svindla til seg 700.000 kroner frå folk som stolte på han – Borgny (22) blei offer

31-åringen brukte BankID og Tinder for å svindla både butikktilsette og offer på nettet. For Borgny Julianne Vevle Tufte blei møtet på Tinder dyrt.

Borgny blei offer for svindel

SVINDLA: Borgny Julianne Vevle Tufte trudde ho kunne stola på Tinder-sjarmøren. I staden blei ho eitt av mange svindeloffer.

Foto: privat

– Me byrja å snakka saman. Han sa mykje fint til meg, og som alle jenter syntest eg det var stas. Eg byrja å falla for han, seier Tufte.

Ho kom i snakk med den svindeldømde på Tinder for to år sidan, då ho var 20 år. Her hadde han gøymt seg bak falskt namn og falske bilde.

– Etter kvart kjøpte han ting til meg òg, mellom anna ein kjole og undertøy, seier ho.

Ho fortel vidare at han fekk henne til å senda bilde med kleda på.

Ein dag skulle han kjøpa eit spel og spurde etter hennar BankID.

Gav han koden

Den 31 år gamle mannen er i Bergen tingrett dømt for bedrageri og underslag for til saman 700.000 kroner. Totalt 10 personar og fleire butikktilsette blei offer for svindelen i ein periode mellom 2015 og 2019.

Det var Bergensavisen som omtala dommen først.

Metoden til den svindeldømde var å knyta ein tillitsrelasjon til folk, slik at dei stolte nok på han til å gi han dei personlege opplysningane sine.

Det gjorde Tufte.

Etter ei stund, då kontakten med svindeldømde dabba av, byrja det å skje ting på bankkontoen hennar, pengar blei borte. Det var då ho oppdaga det. Då ho konfronterte han, slutta han å svara henne.

Ho meiner det var kjøpt varer og tenester med kortet hennar for opp mot 34.000 kroner. Ho gjekk til politiet med saka. Fordi ho hadde oppgitt opplysningane sine til han, kunne dei ikkje hjelpa henne.

– Eg måtte berre innsjå at desse pengane var tapte, seier ho.

– Eg stolte verkeleg på han

I tillegg til Tufte har NRK vore i kontakt med fleire av dei fornærma i saka.

Mellom andre ein 34-årig mann som fortel at han blei kjend med den domfelte på ein skule i 2017. Felles fotballinteresser gjorde at dei fann tonen og etter kvart blei gode vener.

– Han verka som ein god person, og eg fekk raskt sansen for han, fortel 34-åringen.

Svindelsak

TILLITSBROT: Bildet viser kommunikasjonen mellom 34-åringen og den svindeldømde. 34-åringen følte dei var gode vener, og at han kunne stola på han.

Foto: privat

Då den svindeldømde skulle handla på internett, ba han om å få 34-åringen sin bankID.

– Eg spurde han kvifor han ikkje kunne gjera det sjølv. Han sa det var fordi han hadde fått betalingsmerknad. Då sa eg ja til på hjelpa. Eg gav han mine personopplysningar og kodar frå kodebrikka. Etter nokre veker kom det rekningar på rekningar, opp mot 14.000 kroner på ein gong, seier 34-åringen.

Ein av kreditorane var Komplett.no. Då 34-åringen sa namnet til venen som hadde lånt bankopplysningane, svarte dei at namnet var kjend hos dei.

Det viste seg at den no svindeldømde mannen hadde oppretta ein kjøps- og kredittavtale hos Komplett.no. 34-åringen stod som eigaren av kontoen, medan svindlaren stod som mottakar av varer med oppdikta namn, men reell adresse.

– Det var berre rett og slett håplaust, men eg er mest sint på meg sjølv. Kvifor gjorde eg denne tabben? Eg stolte skikkeleg på feil person, seier 34-åringen i dag.

Han er fortvila over at han har vore dumsnill, og at den svindeldømde har utnytta det.

– Eg er berre ein glad person som likar å ønskja nye folk velkomne, men no blir eg fort tvilande. Eg har den eigenskapen enno, men eg kjem ikkje til å ha den hundre prosent framover.

Svindelsak

POLITIMELDE: 34-åringen melde saka til politiet etter kvart. Han haldt fram med å vera ven med den svindeldømde på Facebook for å følga med på kva han gjorde.

Foto: privat

Tilstod alt

I rettssaka la 31-åringen alle korta på bordet. Fleire andre av ofra har han fått kontakt med på sjekkeappar som Tinder og Happn. I dei fleste tilfella har han operert etter same lest: Skaffe seg tillit, deretter få offera til å oppgi opplysningar slik at han kunne kjøpa varer på nett i deira namn.

Men tingretten valde ikkje å dømma han til fengselsstraff. Formildande omstende var at sakene byrja å bli gamle, og at fleire av bedrageria kan vera knytt til den dømde mannen sin helsetilstand. At han har vedgått alt og vil betala tilbake beløpa, har òg verka formildande.

Retten dømde han dermed til 417 timars samfunnsteneste. I tillegg til å levera tilbake ei rekke teknologiske varer og solbriller, må han betala tilbake 300.000 kroner til totalt ti offer for svindelen.

Han er mellom anna dømd til å betala Tufte 7.211 kroner, medan 34-åringen NRK har snakka med, er tilkjent 64.600 kroner.

Forsvarar til den dømde, Eirik Nåmdal, seier til NRK at klienten hans har erkjent forholda og at dommen gjer det mogleg for han å gjere opp for seg.

– Det er ein type straff som eg tenkjer er riktig i denne saka, seier Nåmdal.