Martin blei kvitt angsten på fire dagar – nå skal suksessen ut til heile landet

90 prosent får betre helse etter ekspressbehandlinga mot tvangslidingar. Metoden får nå 20 millionar kroner til nasjonal satsing.

Martin Mikkelsen spiller gitar etter å ha gjort ferdig firedagersbehandling

SER FRAMOVER: Martin Mikkelsen (27) komponerer sin eigen musikk, men angsten gjorde at han spelte mest for seg sjølv.

Foto: Tone Berge / NRK

Martin Mikkelsen (27) set seg godt til rette i sofaen. På fanget har han tolvstrengs gitar.

Nykomponert musikk tonar ut frå gitarkassa. Det er dette han ynskjer å drive med, skrive musikk og spele for andre. Helst på ei scene og for eit stort publikum.

Men til nå har angsten hindra han.

Eit intenst opplegg på fire dagar vart redninga.

Gjekk ikkje ut

– Eg hadde ikkje tru på at det eg gjorde var noko særleg. Når folk gav meg komplement, trudde eg ikkje på dei og fleipa det vekk, seier Mikkelsen.

Og legg til at det nesten er parodisk at han valte å ta ei utdanning som handlar om å stå på ei scene og vise kjenslene sine.

– Eg ville heller ikkje ha merksemd. På dei verste dagane mine gjekk eg ikkje ut av huset i det heile tatt. Eg ville berre isolere meg og ikkje sjå andre. Det er ikkje smart.

Nå har alt snudd og Martin er ein som ein ny person. Han ser lyst på livet, angsten er vekke. Skulle den koma tilbake, veit han korleis den skal taklast.

Kva skjedde?

Han kan takka det såkalla OCD-teamet (Obsessive-Compulsive Disorder) ved Haukeland universitetssjukehus.

Dei har hatt stor suksess med firedagarsmetoden mot tvangslidingar. Metoden vart lansert i 2014, og fekk året etter prisen «Årets nyvinning» i norsk psykologi.

Sidan det har metoden fått mykje omtale og må kunna kallast ein liten revolusjon innan psykisk helse.

Og suksesshistoriene er mange. NRK har mellom anna fortalt om Gunnar Rolland som vart frisk etter at tvangstankane hadde styrt livet hans i 60 år.

Martin fekk hjelp etter same oppskrift mot angst. Etter fire dagar med intensiv behandling var han plutseleg ein annan person.

– Det gjekk så fort. Og det var så intensivt og verka med ein gong. Då me kom ut etter fire dagar tenkte eg: "Kva skjedde eigentleg nå?".

Vert nasjonal satsing

Nå skal metoden ut til heile landet. Teamet på Haukeland, leia av professor Gerd Kvale og førsteamanuensis Bjarne Hansen, har fått 20 millionar kroner for å forske på firedagarsbehandling mot angst og andre psykiske plager.

Forskinga skal skje saman med Sørlandet sjukehus, Molde sjukehus, St. Olavs hospital, Finnmarkssjukehuset og OCD-spekter poliklinikken på Oslo Universitetssjukehus.

Martin Mikkelsen i Bergen

NYTT LIV: Martin Mikkelsen (27) sleit med angst i heile ungdomstida. Han ville helst vera usynleg.

Foto: Tone Berge / NRK

Nå er dei i gang med opplæring av terapeutar som jobbar i spesialhelsetenesta rundt om i heile landet.

Etter om lag eit år skal dei til med behandling av pasientar med angst. I etterkant skal behandlinga evaluerast og samanliknast med resultatet av tradisjonell terapi.

– Me starta med dei hardast råka OCD-pasientane. Dette er tunge og vanskelege pasientar å hjelpe, men dei er ikkje så mange. Nå skal me ut til dei store gruppene. dei med angst og depresjon. Går det som me meiner det skal, kan me hjelpe uendeleg mange, seier Kvale.

Ho seier dei har prov på at den raske behandlinga deira verkar.

600 pasientar med angst har gått gjennom firedagarsmetoden. 90 prosent av pasientane får endra og betre kvardag.

– 70 prosent er kvitt lidinga, også etter lang tid. Dei har fått eit heilt nytt liv, seier Kvale.

– Sjuk i mange år, frisk på fire dagar. Er ikkje det for godt til å vera sant?

– Nei, det er ikkje det. Dette er ein handverk og det er hardt arbeid. Det er ikkje noko hokuspokus. Folka som er ramma er vanlege, ressurssterke folk som har køyrt seg fast. Me skal hjelpe dei ut av det sporet som hindrar dei i å leve normale liv. Me skal ikkje lage nye menneske, seier Bjarne Hansen.

Gerd Kvale og Bjarne Hansen

FIRE DAGAR: Professor og psykolog Gerd Kvale og førsteamanuensis og psykolog Bjarne Hansen har utvikla ei behandling mot angst som og andre psykiske lidingar. Pasientane blir friske etter fire dagar.

Foto: Tone Berge / NRK

Oppsøker fryktar

Dei fire dagane i behandlinga er samanhengande. Seks pasientar og seks behandlarar jobbar tett saman.

Dei jobbar i gruppe og dei jobbar individuelt. Alt som ikkje er relevant for behandlinga, blir skrella vekk.

Mykje av terapien er går ut at pasienten må oppsøke det han fryktar mest. Martin måtte gå frå kontor til kontor på Kronstad distriktspsykiatriske senter i Bergen og spele gitar.

Gerd Kvale er spesielt oppteken av at den effektive behandlinga er noko dei yngste vil dra stor nytte av. Ifylgje Nav er talet på uføre under 30 år dobla dei siste ti åra.

Og blant dei som er uføre under 40 år, er psykisk sjukdom den aller største årsaka.

– Uføretrygd blant unge er blant dei største samfunnsproblema våre. Kan me hjelpe fleire av dei, sparer me både dei og samfunnet for store problem og enorme utgifter. Det er også slik at to av tre av dei som er psykisk sjuke, får sjukdommen i ung alder. Med denne metoden kan me nå uendeleg mange, seier Gerd Kvale.

Internasjonal merksemd

Ho får støtte av professor Thröstur Björgvinsson ved Harvard Medical School og MacLean Hospital i USA.

Den utflytta islendingen er ein internasjonal storleik innan dette feltet. Han er imponert over kva dei har fått til i Bergen.

– All forsking viser at fleire unge får angst. At 90 prosent av dei som får firedagarsbehandlinga blir betre, er oppsiktsvekkande og heilt spesielt resultat innan medisinen. Eldre folk seier behandlinga har gitt dei ein heilt ny sjanse i livet og dei skulle ynskje dei hatt fått tilbodet då dei var unge, seier Björgvinsson.

Fotofrykt

Firedagarsbehandlinga er allereie eksportert til Island. Kvale og Hansen har vore over fleire gonger og sett i gang opplæring av terapeutar.

Björgvinsson meiner også i pasientar i andre delar av verda bør få tilbodet. Han peikar mellom anna på store land som USA.

– Men det store spørsmålet er om forsikringsselskapa trur på behandlinga og vil betala for den, smiler han.

Martin Mikkelsen er sjeleglad for hjelpa han har fått. Endeleg har han kome i gang med livet sitt, slik han vil ha det.

27-åringen håpar fleire kan få oppleve det same.

I sitt tidlegare liv var det mykje han ikkje torde og nekta å vera med på. Å bli fotografert var noko av det verste han opplevde. Derfor har han ikkje så mange bilde av seg sjølv.

– Men nå er det faktisk gøy å posere også, avsluttar han.

Martin Mikkelsen

FOTOANGST: Martin Mikkelsen hata å bli fotografert. Etter behandling for angst, er det moro å posere.

Foto: Tone Berge