Hopp til innhold

Strilane utfordra bergensdominansen

Øygarden-politikar ville gjera noko med den sterke bergensdominansen på Hordaland Ap si stortingsliste, men til ingen nytte.

Ruth Grung, Jette Christensen og Magne Rommetveit

PÅ TOPP: Ruth Grung, Jette Christensen og førstekandidat Magne Rommetveit på dagens nominasjonsmøte i Hordaland Ap.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Hordaland Arbeidarparti gjennomførte i dag sitt nominasjonsmøte til stortingsvalet neste år.

Som venta satsar partiet vidare på Magne Rommetveit (Stord) som toppkandidat. På dei tre neste plassane vart dei tre bergenskandidatane Jette Christensen, Eigil Knutsen og Ruth Grung vald inn.

Litt dramatikk vart det først då partiet skulle velja kandidatar lenger ned på lista.

Før møtet var fem av dei åtte øvste nominerte kandidatar frå Bergen. Det ønskte Anne Lise Grøm frå Øygarden å gjera noko med.

Anne Lise Grøm

STRILEOPPRØR: Anne Lise Grøm frå Øygarden Ap ville ha ein betre distriktsprofil på nominasjonslista.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Etterlyste distriktsprofil

Frå talarstolen tok ho til orde for å flytta Åse Gunn Husebø, tidlegare ordførar i Øygarden, opp frå 14.plass til 8.plass på nominasjonslista.

Ho peika på at kommunane i vest i framtida vil bli ein stor region med mange innbyggarar.

– Fjell, Øygarden og Sund vert eigen kommune frå 2020, med til saman 37.000 innbyggarar, sa Grøm og argumenterte for at dei åtte øvste plassane burde representere alle delar av fylket.

Bergensarane slo tilbake

På 8.plassen var Lubna Jaffery frå Bergen nominert, og ho fekk støtteerklæringar frå fleire bergensarar, mellom anna bergensordførar Marte Mjøs Persen og tidlegare varaordførar Ole Jørgen Johannessen.

Begge trekte fram Jaffery si lange erfaring frå bergenspolitikken og erfaringa hennar frå nasjonal politikk då ho var statssekretær i Kulturdepartementet.

Dermed vart «strileopprøret» slått ned. Den skriftlege voteringa gav 72 stemmer til Jaffery, medan Åse Gunn Husebø fekk 24 stemmer til åttandeplassen.

Hordaland Ap si liste til neste års stortingsval ser dermed slik ut. I dag har dei fire faste stortingsrepresentantar på hordalandsbenken.

  1. Magne Rommetveit (Stord)
  2. Jette Christensen (Bergen)
  3. Eigil Knutsen (Bergen)
  4. Ruth Grung (Bergen)
  5. Leif Sande (Lindås)
  6. Linda Monsen Merkesdal (Voss)
  7. Øystein Hassel (AUF)
  8. Lubna Jaffery (Bergen)
Lubna Jaffery

FEKK PLASSEN: Lubna Jaffery frå Bergen fekk åttandeplassen på Hordaland Ap si stortingsliste.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Toppe på topp

Det har også vore nominasjonsmøte i Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne i dag. På Hordaland Sp sitt møte vart Kjersti Toppe frå Bergen vald som førstekandidat, med Nils T. Bjørke frå Voss på andreplassen.

– Me takkar fot tilliten og ser fram til ein aktiv valkamp. Me vil kjempa for ei nytt stortingsfleirtal med ein politikk for heile landet og heile Hordaland, seier dei i ein pressemelding frå partiet.

Hjå MDG vart Arild Hermstad (50) valt som førstekandidat til stortingslista. Hermstad er leiar for miljøorganisasjonen Fremtiden i våre hender. Natalia Antonia Golis og Knut I. Børgesen er høvesvis andre og tredje kandidat.

Kjersti Toppe valgt på 1. plass til stortingslista for Hordaland Sp

PÅ TOPP: Kjersti Toppe (Bergen) takkar for plassen som førstekandidat for Hordaland Sp.

Foto: Steinulf Tungesvik