Hopp til innhold

Her slår Vegvesenet til i storaksjonen

BERGEN (NRK): Farleg verktøy, elendige arbeidsforhold, ulovlege tilsette og verkstadar som monterer brukte bremser på bilar. Denne veka slår politiet og Vegvesenet til i heile landet.

Kontroll på bilverkstad utført av politi, vegvesen og arbeidstilsynet

KONTROLL: På denne arbeidsplassen i Bergen var etatene på tilsyn tidligere denne uken, og påpekte flere forhold.

Foto: Siri Løken / NRK

– Her stenger vi på dagen. Det var mange alvorlege funn: Problem med det elektriske anlegget, delar som ligg og flyt og arbeidsforhold som er langt utanfor det loven krev.

Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Erlend Loftesnes Røysum, har nettopp vore på kontroll hos ein annan bilverkstad i ein bydel i Bergen. Det dei fann gjorde at representantane frå fleire etatar sperra auga opp.

Innehavaren snakkar ikkje norsk. Han har hatt besøk av kontrollgruppa tidlegare, men framleis driv han verkstaden utan godkjenning. Den eine tilsette har ikkje godkjende id-papir og vert teken med av politiet – og seinare sendt ut av landet.

Denne veka utfører Statens vegvesen, Arbeidstilsynet og politiet ein nasjonal aksjon mot ulovleg drivne bilverkstader.

Du risikerer at bilen din er farlegare når den vert levert ut enn då den vart levert inn.

Erlend Loftesnes Røysum, seksjonsleiar i Statens vegvesen

Ulovleg sveis for å fikse ramme på bil

FARLEG: Dette bilete frå ein av kontrollane syner ein verkstad som har sveisa på ei stong frå eit klesstativ for å reparere ramma på bilen.

Foto: Statens vegvesen

Storkontroll denne veka

Verkstaden i ein bydel i Bergen er diverre ikkje unik.

– Desse verksemdene representerer ein fare for trafikktryggleiken over heile landet, seier Røysum.

Kontrollar utført av Statens vegvesen viser at det vert drive ulovlege bilverkstader i stor stil i heile Noreg. Ulovleg arbeidskraft utan fagkompetansane monterer bildelar som kan vera potensielt livsfarlege.

– Samstundes er det også knytt fleire forhold av ulovleg karakter til verkstadene, som svarte pengar og ulovleg arbeidskraft.

Seksjonsleiar Erlend Røysum i Statens vegvesen

BER BILISTAR VERA KRITISKE: Seksjonsleiar Erlend Loftesnes Røysum i Statens vegvesen seier det dessverre er ukritiske bilistar som finansierer ulovlege bilverkstader.

Foto: Siri Løken / NRK

Anar ikkje omfanget

Vegvesenet åtvarar bilistar kraftig mot å bruke uautoriserte bilverkstader.

Røysum fortel at dei har sett bilde der rammekonstruksjonen er alvorleg svekka og dei har dokumentert at bilar har fått sett på brukte bremseskiver og bremseklossar som rett og slett ikkje er trafikksikre.

– Du risikerer at bilen din er farlegare når den vert levert ut enn det han var då du leverte bilen inn.

Ulovleg verksemd i Stavanger

ULOVLEG: Kontrollar som Vegvesenet har gjort over heile landet viser at arbeidarar utan kompetanse reparerer bilane som er inne på verkstad.

Foto: Statens vegvesen

Bilistane finansierer

Representantar frå Nav, Kemneren, Skatteetaten og Fylkesmannen er også del av arbeidskrimgruppene som går på tilsyn.

Samarbeidet er essensielt for å sikra at fleire vert straffa.

Gruppene kontrollerer mellom anna personallister, ulovleg arbeidskraft, ulovlege og uregistrerte verksemder og svart arbeid.

– Diverre er det kundane, bilistane, som er med å finansiera desse verkstadene, seier Røysum.

Pauserom ved bilverkstad i ein bydel i Bergen

PAUSEROM: Pauserommet på denne bilverkstaden i Bergen hadde knapt plass til dei tilsette blant alle bildelane.

Foto: Statens vegvesen

Saftige bøter

I ein anna bydel i Bergen vert eit bilopphoggingsfirma stengd på staden på grunn av fare for liv og helse. I Stavanger i går kontrollerte gruppa seks verksemder, der tre av dei vart stengd på dagen.

Eigarane av dei ulovlege verkstadene risikerer til saman fleire hundre tusen kroner i bøter. I Stavanger har også ein person fått 21 dagars fengsel for å ha skrive ut falske EU-godkjenningar.

– Målet med ein slik aksjon er å setja problemet på dagsorden. Forhåpentlegvis vert forbrukarane meir kritiske, som igjen vil fjerna litt av grunnlaget for denne type verksemd, avsluttar seksjonsleiaren.