Hopp til innhold

Stor logopedmangel, slagpasientar må ut av rehabilitering

For tre år sidan fekk eks-politikar Ågot Valle (SV) slag og mista språket. På grunn av ein stor mangel på logopedar må ho ut av rehabilitering før språket er heilt tilbake.

For tre sidan fekk eks-politikar Ågot Valle (SV) slag og mista språket. På grunn av ein stor mangel på logopedar må ho ut av rehabilitering før språket er heilt tilbake.

– VIKTIG MED LOGOPED: Eg hadde ikkje komme så langt dersom det ikkje hadde vore for logopeden, seier Ågot Valle. Men frå hausten av er det slutt på timane i behandling.

Kvart år vert om lag 16.000 personar råka av hjerneslag i Noreg, ifølgje Landsforeningen for slagrammede.

Ein av dei er tidlegare stortingsrepresentant for SV, Ågot Valle. Ho var ein aktiv politikar som også sat i nobelkomiteen, då ho for tre år sidan fekk hjerneslag. Valle mista taleevna, og trengde hjelp til å lære seg å snakke på nytt.

Ved hjelp av logoped har ho gjort store framsteg, men frå hausten av er det slutt på logopedtimane som har gjort at ho i dag kan snakke igjen.

– Rehabiliteringa for slagpasientar er for dårleg, spesielt når det gjelder logopedar. Eg hadde ikkje komme så langt dersom det ikkje hadde vore for logopeden, seier Valle.

LES OGSÅ: Måtte venta i to månadar før han fekk hjelp

For få logopedar

Kring 60.000 personar i landet lever med etterverknadane av hjerneslag. Av desse har om lag to tredelar ein funksjonssvikt som følgje av slaget.

Jana Midelfart Hoff

Skulebyråd i Bergen, Jana Middelfart Hoff, er ansvarleg for logopedtilbodet i Bergen kommune.

Foto: NRK

Mange slagpasientar mister heilt eller deler av språket, og for dei er det avgjerande med behandling hos logoped.

Men fordi mangelen på logopedar både i Bergen og andre stader i landet er så stor, kan ein ikkje tilby dette til pasientar på det stadiet der Valle er i dag, seier skulebyråd i Bergen og nevrolog Jana Middelfart Hoff.

– Eg forstår at det kan vere ein fortvilande situasjon for ho, men den faglege vurderinga tilseier at ho har komme så langt i rehabiliteringa, at ho kan klare å trene vidare på eiga hand, seier ho.

LES OGSÅ: Jannicke fikk hjerneslag som 37-åring

Fryktar taleevna vil gå ned

Yngve Seterås

Yngve Seterås er ektemannen til Ågot Valle.

Foto: NRK

Både Valle og familien hennar er ueinige i vurderinga til kommunen.

– Eg er redd for at meistringa og taleevna vil gå ned dersom ho ikkje får meir behandling, seier ektemann Yngve Seterås.

LES OGSÅ: Samling gjør at flere overlever hjerneslag