Hopp til innhold

Måtte venta i to månadar før han fekk hjelp

Hjerneslagspasientar som mistar taleevna må vente i vekevis før dei får tilbod om logoped. Overlege ved Haukeland ber no kommunen om å rydda opp.

Kjell Harald Haraldsen saman med kona

FEKK HJERNESLAG: Kjell Harald Haraldsen (71) fekk plutseleg hjerneslag. I dag har han nesten ikkje språk. Her er han saman med kona Sølvi.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Me fekk beskjed om at det var viktig at me fekk logopedhjelp på eit tidleg stadie.

Sølvi, kona til Kjell

– Halleluja, halleluja!

Det er enno kraft i sangtoanane frå 71 år gamle Kjell Harald Haraldsen. Men sjølv om han har songstemma i behald i dag, kan ikkje Kjell snakke. Berre nokon få ord klarer han å uttale.

Heilt sidan han fekk eit plutseleg hjerneslag for fem år sidan har språket vore borte. I dag er han og konen Sølvi bitter for at han ikkje fekk logopedhjelp raskare.

Høyr radiosaka i spelaren under:

Kunne hatt meir språk

To månader gjekk det frå han vart skrive ut frå Haukeland universitetssjukehus, før Bergen kommune gav han eit tilbod om rehabilitering med logoped.

– Eg syns det var veldig rart, for me fekk beskjed om at det var viktig at me fekk logopedhjelp på eit tidleg stadie, seier kona Sølvi.

Ho trur mannen hennar kunne hatt meir språk i dag viss tilbodet om logoped hadde komme raskare.

– Det er meir enn frustrerande, spesielt for han. Det gjere noko med omgangskretsen for det er mange som ikkje veit kva dei skal snakke med Kjell om.

– Det er vanskeleg å forstå kvifor det skal vera slik, seier overlege Halvor Næss ved slageininga på Haukeland universitetssjukehus.

– Den totale og endelege betring vert utsett i tid.

Har klaga til kommunen

Halvor Næss

UFORSTÅELEG: – Det er vanskeleg å forstå kvifor det skal vera slik, seier overlege Halvor Næss ved slageininga på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Han har sendt eit brev til Bergen kommune der han ber om at språkopplæring vert tilbode raskare til dei hjerneslagspasientane som er skrive ut frå sjukehuset. Næss forklarar at pasientar som har hatt hjerneslag kan ha mange ulike problem.

– Men nokre har berre taleproblem og fungerer elles bra. Dei kan bu heime men treng rehabilitering hjå logoped. Vi har erfart at det kan ta tid frå dei vert skrive ut frå oss til dei får denne behandlinga, seier Næss.

Problem i mange kommuner

Overlegen syner til at pasientane gjerne har byrja på eit opplegg på sjukehuset. Når dei då vert skrive ut er det viktig at rehabiliteringa held fram, meiner Næss.

Men sidan kommunen brukar tid på å tilby logoped, vert det ein pause i hjelpa.

– Det er eit problem fordi pasientane er på betringas veg. Det vore svært frustrerande for pasientar og pårørande og sjå at ein pasient vert skrive ut med full stopp i rehabiliteringa før det vert starta opp att nokre veker seinare.

Are Breen i Norsk Nevrologisk foreining meiner at det ikkje berre er i Bergen at kommunen er for seine med å tilby rehabilitering.

– Vi ser vi ofte at det glipp i oppfølginga av hjerneslagpasientar akkurat i overgangen mellom spesialisthelsetenesta og kommunalhelsetenesta. Det var meint at samhandlingsreforma skulle bøte på dette problemet, men det skortar framleis fleire stader i landet.

Kommunen legg seg flat

Nina Mevold

LOVER Å FÅ NED VENTETIDA: Kommunaldirektør for helse og omsorg i Bergen kommune, Nina Mevold.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Ifølge Bergen kommune tek det i snitt to veker før hjerneslagspasientar får tilbod om logoped etter at dei vert skrive ut frå sjukehus. Kommunaldirektør for helse og omsorg, Nina Mevold, innrømmer at det er for lenge.

– Vi er sjølvsagt ikkje nøgd før vi er nede i kortare responstid. Men vi ser at det tek betydeleg kortare tid i dag enn det gjorde for to år sidan, seier Mevold.

– Men kvifor er det slik at ein må vente på å få tilbodet?

– Det er nok ein kombinasjon av bemanningsproblematikk og køproblematikk knytt til brukarar i skule og barnehage, som er hovudmålgruppa vår.

Mevold peikar på at logopeditenesta ligg under ein anna byrådsavdeling, nemleg for skule og oppvekst.

– Det er ein grenseoppgang mellom to byrådsavdelingar som me jobbar med å få enno betre. Men me ser at me ikkje er heilt i hamn, og ynskjer sjølvsagt å redusere tida det tek å for slagpasientane å få logopedihjelp, avsluttar Mevold.