Det blir ikke ekstra penger til å bygge ut fjernvarme neste år, slik regjeringen hadde lovet. Bevilgningen er fjernet fra statsbudsjettet, og det betyr at deler av den videre utbyggingen i Bergen kan stoppe opp.
Erling Wærenskjold, dagleg leiar i BKK Varme. Foto: John Gunnar Skien, NRK
Erling Wærenskjold er dagleg leiar i BKK Varme. Gjennom eit mange kilometer langt leidningsnett frå Kokstad til Bergen sentrum strøymer nå varmt vatn frå bossforbrenningsanlegget i Rådalen.
Erling Wærenskjold på byggefeltet på Råstøl. Foto: John Gunnar Skien, NRK
Det varmar opp mange bedrifter i bergensområdet, som Haukeland sjukehus, NRK, Telenor, Hansa og jernbanestasjonen. Splitter nye bustadområde får også innlagt fjernvarme.
Etter straumkrisa for to år sidan lova regjeringa å løyva ekstra pengar til å bygga fjernvarme. Men dei pengane er det ikkje spor av i statsbudsjettet for 2005. I Bergen er det brukt 400 millionar kroner til nå. Ganske dyrt, og dersom det ikkje blir ekstraløyvingar, kan delar av den vidare utbygginga stoppa, seier Wærenskjold i BKK Varme.