Hopp til innhold

Stiller ultimatum om bybanen – bryt byrådsforhandlingane med Ap

Senterpartiet i Bergen vil ikkje forhandle om eit samarbeid med Ap-leia byråd i Bergen om bybanen skal gå framfor Bryggen.

Ove Sverre Bjørdal og Skjælaaen

BROT: Ove Sverre Bjørdal og Senterpartiet stilte fredag ultimatum i byrådsforhandlingane.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Senterpartiets Ove Sverre Bjørdal seier til NRK at han gav beskjeden til byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) i møte i dag. Det var tredje gang Valhammer inviterte den sokalla regnbue-koalisjonen til møte om samarbeid.

Der la Bjørdal fram to krav Senterpartiet stiller om dei skal forhandle om byrådssamarbeid med Ap, KrF og Venstre:

  • Bergen Sp vil ikkje forhandla om eit samarbeid som legg til grunn at bybanen skal gå over Bryggen.
  • Dersom dei andre parti utelukkar at det trasévalet over Bryggen Ap/V/KrF-byrådet bestemte seg for i 2016 kan endrast, avbryt Bergen Sp vidare samtalar.

Raudt har også gått ut av forhandlingane med Arbeidarpartiet.

Senterpartiet vender seg mot Høgre

No opnar Bjørdal for å snakke med Høgre, FNB og Frp om eit byrådssamarbeid.

– Vi har ein ståande invitasjon om samtaler. Eg kjem til å kontakte Høgre på måndag for ein samtale, så får vi sjå om det er aktuelt å gå vidare med dei, seier Bjørdal.

Blir dei ikkje samde, seier Bjørdal at det er sannsynleg at dei går i opposisjon og samarbeider frå sak til sak.

– Uansett har vi tradisjon for eit konstruktivt samarbeid med det til ein kvar tid sittande byrådet.

Vil forhandle vidare

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) seier brotet i forhandlingane var venta utifrå samtalene partia hadde i går kveld.

Han seier dei ynskja seg reelle forhandlingar, og at han håpa at ingen skulle stille ultimatum før dei kom så langt.

– For alle andre blir det vanskeleg å forhandle vidare når nokon kjem med eit einsidig krav. No vil vi gå vidare i forhandlingane med dei fem partia som ikkje har kome med slike einsidige krav.

Valhammer seier han no jobbar for eit mindretalsbyråd. KrFs Håkon Pettersen stadfestar at dei vil halde fram med samtalene med Arbeidarpartiet over helga.

Han seier ynskje deira om eit byråd basert på dagens samarbeid ikkje har endra seg. Han opplever samtalene så langt som konstruktive.

– Senterpartiet har vore tydlege i valkampen. Det har eg respekt for. Då blir det sånn det blir, seier Pettersen.

Roger Valhammer etter møte i Bergen 10.september

HELD FRAM: Roger Valhammer (Ap) vil forhandle vidare utan Senterpartiet og Raudt.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Ueinig i framgangsmåten

Raudt forlét også forhandlinga i halv firetida, etter at Senterpartiet hadde stilt sitt ultimatum.

– Det gjorde vi fordi KrF har gjort det klart at det ikkje er aktuelt å samarbeide med Raudt, seier Sofie Marhaug (R).

Raudt ynskjer heller ikkje at bybanen skal gå over Bryggen. Marhaug har forståing for at Senterpartiet trekk seg, men likar ikkje måten det blei gjort på.

– Vi er ikkje så positive til å stille slike ultimatum. Skal ein forhandle, må ein forhandle om fleire saker, ikkje berre om ei, seier Marhaug.

I eit eventuelt mindretalsbyråd vil Raudt samarbeide frå sak til sak.

Sofie Marhaug på vei inn til byrådsforhandlinger

UTE: Sofie Marhaug (R) på veg inn til byrådsforhandlingar. No har både Senterpartiet og Raudt gått frå bordet.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK