Hopp til innhold

Solvik-Olsen vil oppklare byluftsrotet

Det har vore full forvirring om kva norske byar har lov å gjere når lufta er farleg og helseskadeleg. No vil samferdelsesministeren oppklare rotet ein gong for alle.

Ketil Solvik-Olsen

VIL OPPKLARE: Under spørjetimen i Stortinget i går skulda SV Solvik-Olsen for trenere tiltak som kan betre luftkvaliteten. Statsråden sjølv meiner kommunane ikkje forstår regelverket.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Bergen er berre ein av fleire norske byar som er frustrerte fordi dei ikkje veit kva tiltak som er lov å bruke for hindre helseskadeleg luft.

Fleire norske byrar har i vinter hatt store plager med helseskadelege luft. I går blei regjeringa konfrontert, då Audun Lysbakken og SV skulda statsministeren og statsråden for å trenere tiltak som kan betre luftkvaliteten i norske byar.

No inviterer Ketil Solvik-Olsen byråden til Oslo for å svare på spørsmåla frå kommunane.

Meiner kommunane ikkje forstår regelverket

Forvirringa går på kva tiltak kommunane kan setje i verk sjølv, og kva som krev departementet si godkjenning. Solvik-Olsen har fleire gongar hevda at der fins spelerom i lovverket som byane ikkje nyttar.

– Mange av dei tiltaka kommunane nemner at dei ønskjer iverksetje er allereie hjemla i lovverket. Då handlar det openbart om forståinga av lovverket, og eg set gjerne mitt embetsverk til disposisjon for å hjelpe kommunane med det, seier samferdsleministeren.

Glad for å få fortgang i saka

Byråd for byutvikling i Bergen er glad for sjå at det no blir fortgang i få avklart kva verkemiddel dei kan bruke, samt arbeidet med å få nye verkemiddel på plass.

– Eg trur at den dårlege bylufta Bergen har hatt den siste tida og diskusjonen rundt det, samt utolmodet frå fleire storbyar har gjort at regjeringa også har forstått dramatikken i situasjonen, seier Tryti.

Anna Elisa Tryti

NØGD: Byråd for byutvikling Anna Elisa Tryti, er glad for at det no bli fortgang i saka.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Statsråden skuldar byrådet «politiske peikeleikar»

Solvik-Olsen meiner derimot at byrådet heile vegen har hatt fleire verkemiddel til disposisjon, som dei sjølv har valt å ikkje nytte seg av.

– Eg reagerer på at raudgrøne byråd rundt om kring skuldar på regjeringa og driv med politiske peikeleikar når dei sjølv ikkje har gjort sine lokale vedtak.Vi hadde eit møte med storbyane i haust. I etterkant blei det sendt ut eit dokument som oppsummerer alle tiltak dei har lov å innføre og kva som blir arbeidd med å gjennomføre, fortel Solvik-Olsen.

Tryti er ikkje med på at det er snakk om politiske peikeleikar, og ønskte ikkje å svare på skuldingane frå samferdsleministeren.

– Det er ikkje min stil, seier Tryti.

Giftlokket i Bergen er synlig fra oven

DÅRLEG LUFTKVALITET: Bylufta i Bergen har vore dårleg den siste tida. Byrådet har mellom anna innført datokøyring i eit forsøk på å betre situasjonen.

Dette er spørsmåla byråden for byutvikling spesielt ønskjer å avklare i møtet med Solvik-Olsen.

Permanente tiltak:

  • Lavutsleppsoner: Gjennomføring av dette krev ei ny lovendring i vegtrafikkloven. Bestilling frå Stortinget ligg allereie inne. Det fins forskjellige modellar, men formålet er å få ned utslepp i deler av byen f.eks gjennom å forby enkelte køyretøy sentrum.
  • Miljødifferensierte bompengetakstar: Her trengst også ei ny lovendring i vegloven, samt tekniske tilpassingar i Autopass-systemet. Vegdirektoraret arbeider med saka. Tiltaket betyr at køyretøy som forureinar meir, må betale meir i bompengar.

Akutte tiltak:

  • Auke i bompengetaksten på dagar med dårleg luft: Det blir no førebudd vedtak i bystyret i Bergen og i Hordaland fylkeskommune. Når det er klart vil det blir sendt til departementet som skal fastsetje taksten.
  • Forbod mot bestemte køyretøy (f.eks diesel) på dagar med dårleg luft: Dette har vore forsøkt innført i Oslo, men blei ikkje godkjent på fylkes- og riksvegar. Statsråden har no gitt signal om at ein vil vere villige til å godkjenne dette.