Hopp til innhold

Bruker maske for å beskytte seg mot bylufta

Luftforureininga har til tider vore høg i Bergen dei siste vekene. Enkelte firma har innført krav om støvmasker for dei som arbeider ute.

To arbeidere trimmer trær i trafikkmaskinen i Bergen, bruker pustemaske på grunn av luftforurensingen.

MANN MED LJÅ OG MASKE: Mats Jordal hos Magne Løvaas i arbeidsantrekket sitt.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Bergens største trafikkmaskin jobbar anleggsgartnarane frå Magne Løvaas AS med å kutte tre. Rundt dei susar bilane i ein jamn straum og vrimlar opp støv og skitt.

Litt lenger vekke viser luftmålarane på Danmarks plass at lufta dei pustar inn utgjer helsefare.

– Masken er svart på innsida. Slik var han ikkje for ein time sidan. Det er ekkelt å tenke på at alle desse partiklane kunne eg ha pusta inn. Det er godt at eg har maska på, seier anleggsgartnar Kyrre Burheim.

HMS-tiltak

Som ein del av HMS-tiltaka har firmaet hans innført krav om å bruka støvmasker der luftkvaliteten er dårleg. Likevel kjenner dei tilsette det på kroppen når arbeidsdagen er slutt.

– Det må bety noko for helsa dette her. I prinsippet kunne vi ha venta med å arbeide her. Men det er lite anna å gjere akkurat no så derfor må dette prioriterast.

Postbod utan maske

Ricardo Rojas

– GOD LUNGEKAPASITET: Ricardo Rojas bruker ikkje maske når han leverer ut post.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Også Posten i Bergen har kjøpt inn støvmasker til postbod som har rutene sine i område med dårleg luft. Men der er det frivillig å gå med dei.

Ricardo Rojas leverer post i området rundt Danmarksplass, som er berykta for mykje svevestøv og nitrogendioksid. Han har foreløpig ikkje trengt støvmaske.

– Eg har god lungekapasitet, og skal klare å overleve denne vinteren.

– Så du synest det er heilt greitt å arbeide ute slike forholda er no?

– Det er ikkje så gale som mange seier at det er. Eg kjem frå eit land der forureininga er mykje høgre enn det den er her. Kanskje har eg eit betre immunforsvar.

Ser fram til sommar og varme

Tilbake hos anleggsgartnarane er arbeidsdagen snart slutt. Greiner er kutta og stabla i haugar. Men ein dag ute i trafikkmaskinen set sine tydelege spor på Mats Jordal.

– Eg må ha meg ein dusj, for å seie det sånn. Det er litt svarte striper rundt omkring.

Vêrvarselet tyder på at luftkvaliteten blir betre og at støvmaskene kan bli overflødige. Kyrre Burheim ser litt lengre fram.

– Eg gler meg til plussgrader, sommar og sol!

Kyrre Burheim

NOK AV STØV: Kyrre Burheim med ein neve full av vegstøv.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK