Hopp til innhold

Sogn og Fjordane tok kraftpengane – no vil Hordaland ha fylkesvåpenet

Fleire hordalandspolitikarar vil behalda fylkesvåpenet sitt i samanslåinga til nye Vestland fylkeskommune.

Hordaland fylkesbygg, fylkeshus,

STRIDSØKS: Det er ingen planar om å gravlegga stridsøksa i Hordaland. I alle fall ikkje dei to krosslagde øksane som prydar fylkesseglet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Eg synest rett og slett ikkje noko om forslaga til nytt fylkesvåpen. Spesielt ikkje når ein samanliknar med det me har i dag, seier Bente Bondhus, gruppeleiar for Senterpartiet i Hordaland.

Det har lenge vore høg temperatur mellom fylkespolitikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane om samanslåinga til Vestland fylke.

Bente Bondhus på fylkestinget

STRIDSØKS: Gruppeleiar Bente Bondhus (Sp) i Hordaland.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Vil bruke våpen som forhandlingskort

Samstundes har debatten om nytt fylkesvåpen gått meir i det stille. No ligg det fire forslag i bordet, som alle har fått blanda tilbakemeldingar.

Bondhus vil droppa alle. I staden relanserer ho våpenskjoldet til Hordaland som ein kandidat.

For viss Sogn og Fjordane beheld kraftpengane, bør Hordaland få behalde våpenskjoldet, føreslår kvinnheringen.

– Ja, viss det er eit forhandlingskort, så kvifor ikkje? Det er så mange forhandlingskort som har versert i forhandlingane mellom dei to fylka.

Hordaland i SF-våpen

KOMBINASJON: Gruppeleiar for Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, foreslår å gjenbruka Hordaland sitt fylkesvåpen, men med fargane til Sogn og Fjordane sitt våpen.

– Fire forslag ingen vil ha

Og ideen om å ta med seg våpenseglet får brei støtte.

– Dei andre forslaga er lite interessante. Eg har ingen favorittar blant dei fire, seier gruppeleiar for KrF si fylkestingsgruppe i Hordaland, Beate Husa.

– Dei er stilistiske og enkle. Det er tydeleg at ingen av oss synest forslaga er veldig gode, seier Terje Søviknes, gruppeleiar for Frp.

Også Venstre og Høgre opnar for å ta inn att fylkesvåpenet frå Hordaland i diskusjonen.

– Me har fått presentert nokre forslag som ingen eigentleg er komfortable med. Og så har me eit fylkesvåpen i Hordaland som me eigentleg synest er veldig fint, med ei flott historisk betydning for begge fylke, seier gruppeleiar for Høgre, Silja Ekeland Bjørkly.

Forslag til fylkesvåpen for Vestland

OMSTRIDDE FORSLAG: Dette er dei fire forslaga som ligg i bordet i dag. Dei har ikkje blitt særleg godt tatt imot.

Føreslår å byta fargar

For det finst ei kopling som forankrar våpenskjoldet til Hordaland i begge dei to fylka si historie.

Motivet er henta frå Onarheimsseglet frå 1300-talet, eit segl funne etter Olavsgildet på Onarheim på Tysnes.

Men på 900-talet blei det gamle høvdingsete flytta til Gulen i Sogn. Dermed meiner politikarane i Hordaland at deira våpensegl kan representera historia til eit samla Vestland fylke.

– Vårt forslag er å bruka Hordaland sitt våpenskjold, men fargane frå Sogn og Fjordane, etter modell frå andre samanslåingar, seier Bjørkly.

Terje Søviknes 11. desember 2018

KRITISK: Terje Søviknes (Frp) har vore blant dei hardaste kritikarane mot måten Sogn og Fjordane har tolka intensjonsavtalen. Han vil ikkje bruka eit våpenskjold som eit forhandlingskort.

Foto: Even Norheim Johansen

Vil ha diskusjon

Beate Husa i KrF seier ho ikkje har oppfatta at våpenskjoldet skal brukast som eit forhandlingskort, men at forslaget har kome fordi ingen eigentleg likar dei fire forslaga som ligg i bordet no.

– Hordaland har eit flott og historisk våpen med ei veldig spanande bakgrunn. Det er eit langt betre val enn å velja eit våpen som etter mange si oppfatning er ganske keisamt, seier Husa.

– Me forstår at det er litt kontroversielt, men me meiner det i alle fall bør kunna diskuterast.

Meir opptatt av aksjane

Terje Søviknes (Frp) støttar forslaget, men er klar på at det fylkesvåpen-diskusjonen er ei eiga sak.

– Eg synest ikkje me skal bruka diskusjonen om kommunevåpen inn i ein forhandling som dreiar seg om andre ting, for eksempel aksjane i Sogn og Fjordane Energi, seier han.

Forslaga skal drøftast i fellesnemnda mellom dei to fylka 19. desember. Deretter skal fylkestinga i dei to fylka fatta sine vedtak.

– Mange har nok sett for seg noko som i større grad identifiserer Vestland fylke på ein god måte.

Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane ønskjer ikkje kommentera brannfakkelen frå partikollegaen i Hordaland.

Ho seier det må vera opp til fylkesnemnda å landa på ei løysing begge partar kan leva med.