Småbarnsfamiliane flytter frå Bergen

Folkeveksten kjem i nabokommunane til Bergen. Vestlandshovudstaden taper kampen om småbarnsfamiliane.

Kjetil Olsen og Amund på ti månader forstår dei som vel å flytta ut av Bergen.

DET HANDLAR OM KVA SOM ER VIKTIGAST: Kjetil Olsen og sonen Amund forstår dei som flytter når to vert til tre og fire.

Foto: Christel Higraff / NRK

– Det er dyrt å bu midt i byen. Men eigentleg handlar det om kva ein verdset høgst. Om det å bu i byen er viktig, eller om det er viktigare å få betre plass.

Det seier Kjetil Olsen som bur i sentrum. Han forstår godt dei som vel å flytta når dei får ungar.

Mange av dei som vel å busetja seg i dei meir landlege omlandskommunane er familiar med små born.

Dei fem siste åra har kome fleire nye innbyggarar til desse kommunane, enn til storebror Bergen, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

No spår ein ny rapport om folketalsutviklinga fram mot 2045 at storbykommunen kan tapa kampen om barnefamiliane, om denne trenden heldt fram. Då kan innbyggjartalet i Bergen stagnera og etter kvart falla.

Slaget står om barnefamiliane

I Mariakirken opne barnehage i Bergen leikar foreldre og småborn. Her utvekslar dei erfaringar, eta lunsj og verta kjend med andre sentrumsforeldre med små ungar.

Foreldre og born i Mariakirken opne barnehage i Bergen

SENTRUMSFORELDRE MØTEST: Foreldre i Bergen sentrum trivst som sentrumsbuarar.

Foto: Christel Higraff / NRK

Og desse foreldra er samde om at det er viktig å bu i gangavstand til bysentrum. Butikkar, restaurantar og kulturtilbod er med på å halda dei i sentrum.

Eva Duesund har budd i Sandviken i fem år.

– Det er veldig fint å sleppa bruka bil når eg skal på butikken, på kafe eller til fjells, seier ho.

Bergen – ein by for dei utan ungar?

Bergen kan nå sitt historiske toppunkt i innbyggjartal i 2044, og aldri koma opp i 300.000 innbyggjarar, ifylgje rapporten.

Og det er om barnefamiliane slaget vil stå dei neste åra. For uansett utvikling ser det ut til at Bergen vil trekkja til seg fleire personar utan born.

Stian Skår Ludvigsen, seniorrådgjevar i Hordaland fylkeskommune

SPÅR KAMP OM BARNEFAMILIANE: Tala til Stian Skår Ludvigsen viser at Bergen må gjera seg lekre for barnefamiliane, om innbyggjartalet ikkje skal stagnera. Skår er seniorrådgjevar ved seksjon for forsking og analyse

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er dei som er i fruktbar alder som flyttar mest på seg, seier Stian Skår Ludvigsen i Hordaland fylkeskommune.

Stephanie Nesheim ville aller helst budd i sentrum, men no ser ho seg om etter noko utanfor bykjernen i Bergen.

– Det er ein del styr når du skal opp og ned fire etasjar i ein gamal bygard fleire gonger for dagen, med ungar. Då vert du litt lei, seier Nesheim.

Stephanie Nesheim og Alfred 6 månader trivst med å bu midt i sentrum

TRIVST I SENTRUM: Stephanie Nesheim og sonen Alfred på seks månader trivst godt midt i buen.

Foto: Christel Higraff / NRK

Nesten to nye strilar for kvar bymann

I rapporten, som torsdag vart lagt fram for fylkesutvalet i Hordaland, har ein sett på ulike scenario for utviklinga av innbyggjartalet og bustadbehovet i Hordaland.

I alternativet som byggjer på dagens folkefordeling, vil berre 37 prosent av folkeveksten skje i Bergen. Resten vil koma i Askøy og dei samanslåingsklare storkommunane Øygarden, Alver og Bjørnafjorden. Altså 1,7 ny stril for kvar nye bymann.