Mange av dei som bur der i dag har fått opphaldsløyve og ventar på bustad skriv BT.
Årsaka til nedlegginga av asylmottaket på Vestlandsheimen er at det kjem færre asylsøkarar til landet.
Usikkert
Bebuarane fortviler, seier mottaksleiar Finn Moe. - Det betyr mykje usikkerheit for dei å bryte opp det nettverket dei har opparbeidd gjennom mange år.
Dei tilsette går også ei usikker framtid i møte. Ingen av dei har fått nye jobbar, seier Moe. - Det kom jo veldig plutseleg. Vi fekk beskjed frå Utlendingsdirektoratet i forrige veke, så eg trur ikkje folk har fått summa seg heilt endå.
Mottaket som er eitt av dei største i landet, har vore i drift sidan 1998. - Det er veldig trist at det no er slutt, seier mottaksleiar Moe.