Slepp fri drapstiltalt mann i Bergen

Rettssaka mot mannen (49) som er tiltalt for drapsforsøk og drap er utsett på ubestemt tid. Inntil vidare blir han sleppt fri frå varetekt.

Ørjan Ogne i fengsling for drap i Åsane

UTSETT: Politiadvokat Ørjan Ogne under fengslingsmøtet i Bergen tingrett i juni i fjor. Etter to månadar sikta politiet ein då 48 år gamal mann for drap på kona (42).

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Det opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding torsdag føremiddag.

Rettssaka mot mannen skulle ha starta 28. mai, men vart utsett på ubestemt tid etter ønske frå påtalemakta. Statsadvokaten har bedt om nye vurderingar frå sakkunnige i saka.

– Ettersom drapssaka er utsett på ubestemt tid, har påtalemakta avgjort at tiltalte skal sleppast fri frå varetektsfengsel mot såkalla varetektssurrogat. Dette inneber at tiltalen står ved lag, medan saka vert greia ut ytterlegare, skriv politiet i pressemeldinga.

Politiadvokat Ørjan Ogne seier til NRK at det er spesielt at ein drapstiltalt slepp fri frå varetekt.

– Men sjølv om han er tiltalt for det, så kan vi ikkje halde folk i varetekt til evig tid. Eit vilkår for fengsling er at det er framdrift i saka, og det er det ikkje no, forklarer Ogne.

Tiltalt for drap og drapsforsøk

Den 49 år gamle mannen er tiltalt for drapsforsøk og drap på kona si i Åsane i Bergen. Kvinna (42) vart funnen død i senga i heimen til ekteparet i april 2017.

Dødsfallet vart først rekna som eit «som normalt ikkje omtalast av media», men to månadar seinare gjekk politiet til pågriping av ektemannen.

I februar tok Statsadvokaten ut tiltale mot 49-åringen, for drapsforsøk og drap på kvinna.

Politiet meiner mannen planla drapet på kona og at motivet kan ha vore at den 42 år gamle kvinna ønskte skilsmisse.

Drap Åsane Bergen 2017

FUNNEN DØD HEIME: Kvinna (42) vart funnen død i senga heime hjå ekteparet i april 2017. To månadar seinare vart ektemannen sikta for drap.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Rapport peikar på naturleg dødsårsak

Men saka er altså utsett på ubestemt tid, truleg til over sommaren, fordi statsadvokaten har bedt om meir etterforsking i saka.

BA skriv at utsetjinga kom då ein ny rapport frå sakkunnige peikte mot naturleg dødsårsak som følge av sjukdom. Dei sakkunnige påpeika også at det ikkje var funne skader på halsen hennar som ein normalt vil sjå ved kveling.

– Vi treng ein breiare vurdering av dødsårsaka frå sakkunnige, forklarer politiadvokat Ogne til NRK.

Den tiltalte 49-åringen har heile tida nekta for å ha drepe kona.

– Eit mareritt

Forsvarar Erik Johan Mjelde har akkurat henta sin klient i Bergen fengsel når NRK ringer for ein kommentar.

– Han er sjølvsagt glad for å bli sleppt fri, men han har levd i eit tolv månadar langt mareritt, seier Mjelde.

Han meiner utsettinga av saka og at klienten hans slepp fri i dag, sender tydelege signal om kvar saka står bevismessig.

– Det er bra at det no blir sett fokus på den faktiske dødsårsaka, men det burde vore gjort for eit år sidan. Dette er ein spesiell situasjon for han å framleis vera drapstiltalt og eg håpar dette marerittet snart er over for han.

Erik Johan Mjelde

OPPGITT: Forsvarar Erik Johan Mjelde meiner utsettinga og no at klienten blir sleppt fri syner tydeleg kor saka står bevismessig.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Forsøkte å forgifte kona

I tiltalen frå februar skriv statsadvokaten at mannen har kvelt kvinna til døde i heimen deira natt til tysdag 25. april 2017. Drapsforsøket meiner statsadvokaten skjedde nokre dagar før, 21. april 2017.

49-åringen er tiltalt for å ha tilsett den dødelege gifta Bariumaceta i maten hennar, eller medikamenta Cipralex eller Escitalopam.

Målet skal ha vore å drepe kona medan ho sov tungt.

«Forsøket lyktes ikke da hun kjente bitter smak av maten og kastet denne», heiter det i tiltalen.