Hopp til innhold

Slåst om å berge miljøet i Bergen

Miljø blir den viktigaste saka i valkampen i Bergen i år for både Høgre og Arbeidarpartiet. – Om me trur på det, vil ei vond og vanskeleg tid vere over, seier Naturvernforbundet.

Dårleg luft i Bergen

DÅRLEG LUFT: Å gjere noko med luftkvaliteten i Bergen er på den politiske prioriteringslista til både Høgre og Arbeidarpartiet.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kampen om veljarane i det kommande kommunevalet, blir tøff når både Høgre og Arbeidarpartiet i Bergen har flagga miljø som si viktigaste sak i 2015.

Martin Smith-Sivertsen

FULL TRYKK PÅ MILJØ: Martin Smith-Sivertsen (H) vil satse på sykkelvegar og gode baneløysingar.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK
Harald Schjelderup

MILJØ BLIR HOVUDSAKA: Byrådsleiarkandidat for Ap Harald Schjelderup kjempar om miljøveljarane i det kommande valet.

Foto: NRK

Då er det opp til Harald Schjelderup (Ap) og Martin Smith-Sivertsen (H) å overtyde veljarane om at det er dei som kan tilby dei beste miljøtiltaka.

LES OGSÅ: – Tusenvis av innbyggeres helse skades av dårleg luft

Lovar betre kollektivtilbod

– Ap er ein garanti for eit grønt skifte i Bergen. Eg vil gje bergensarane eit så godt kollektivtilbod at det faktisk blir eit reelt alternativ til privatbilen, seier Schjelderup.

Også Sivertsen (H) har sett seg ut kollektivtilbodet i Berge, som ei prioritering i det kommande året.

– Me vil ha full trykk på klima og miljøsaka. Eg vil satse på baneløysingar, sykkelvegar, og gjere noko med luftforureinsingsproblematikken, seier Smith-Sivertsen (H).

LES OGSÅ: Vil tvinge flest mulig bergensere over på buss, bybane og sykkel

– Dei ser kor viktig det er å legge om kursen

At begge byrådsleiarkandidatane for dei største partia i Bergen heiser miljøfana høgt, er eit godt signal, seier Nils Tore Skogland i Naturvernforbundet.

Nils Tore Skogland

– GODE SIGNAL: Desse signala er nødvendige for at miljøet i Bergen skal bli betre dei neste åra, seier Nils Tore Skogland i Naturvernforbundet.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Om me trur på det vil ei vond og vanskeleg tid vere over. Eg trur verkeleg på signala, men samtidig ser eg at det inneber ei prioritering om å ikkje bygge ut meir motorvegar og andre ting som bidreg til auke bruk av privatbilen.

For at politikarane skal imponere Naturvernforbundet må dei prioritere kollektivtilbodet, lage fleire kollektivfelt på motorvegane, og satse på sykkelvegar og lynbane.

– Eg trur dei begge ser kor viktig det no er å legge om kursen. Desse signala er nødvendige for at miljøet i Bergen skal bli betre dei neste åra, seier Skogland.

LES OGSÅ: Ber om tverrpolitisk samarbeid i Bergen for å få ned biltrafikken