Odda formannskap var samstemde i si støtte, skriv Hardanger Folkeblad.
Klare til å kjempa
Ordførar i Odda, Toralv Mikkelsen, seier dei vil kjempa for å få området gjort om til statsallmenning.
- Dette er svært viktig i høve til ållmenta, meiner han.
Ligg ikkje i Hordaland
Staden ligg korkje i Odda eller Ullensvang kommune, men det har ikkje noko å seia for ordføraren.
- Me meiner at no når interesseselskapet Lågefjell har lagd dette området ut som eit salsprosjekt for eigedomane vest for Vollane, så bør det offentlege i dette tilfelle sikra det seg som ein statsallmenning, fortel Mikkelesen.
Han fryktar at Vestre Vollane skal bli eit område for dei pengesterke dersom staten ikkje grip inn.
Eit eineståande område
Ullensvangordførar Solfrid Borge er nyleg vald til leiar for ordførarutvalet rundt Hardangervidda.
Ho meiner også området er eineståande, og bør sikrast som statsallmenning.