Hopp til innhold

Skyssbåten er einaste veg til bygdene – no vert nedlegginga utsett

Innbyggjarane på veglause gardar langs fjorden frykta det verste. No får dei behalde båten dei er heilt avhengige av inn til vidare.

Veafjorden

VEGLAUS: I Veafjorden er det fleire veglause gardar som er avhengige av båt. Ein av dei er garden Kåstad.

Foto: Svein Nord

Då fylkesbudsjettet var oppe til behandling i fylkestinget tysdag, var det knytt spenning til saka om båtrutene mellom dei veglause gardane i Osterfjorden og Veafjorden.

Forslaget frå fylkesrådmannen var å legge ned rutene for å spara 2,2 millionar kroner.

Det same gjaldt den tilsvarande ruta mellom Geitanger og Knappskog i Fjell.

– Det er dramatisk, sa Helene Kvamme som er oppvaksen på ein av del veglause gardane til NRK før saka var oppe til behandling.

Saman med hyttefolk og vel 20 fastbuande som i dag er avhengige av båt, har ho protestert mot at dei to båtrutene vert lagd ned.

Tysdag ettermiddag vart det klart at fylkespolitikarane høyrer på protestane, og stoppar nedlegginga av dei to båtrutene. I det minste inntil vidare.

Redda fram til våren

Fylkestinget fjernar formuleringa om at båtrutene vert lagd ned frå budsjettet. I staden ber dei om at behovet for rutene vert greidd ut, og varslar at saka kjem opp att til våren.

– Eg tek dette til etterretning. No har vi fått ei bestilling om å gjennomføre ein høyringsrunde, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

MB Ospenes kjem til Norvald Bukkestein

VIKTIG BÅTRUTE: Her kjem MB Ospenes til Norvald Bukkestein på garden Bukkstein i Veafjorden.

Foto: NRK

Han forklarar forslaget om å fjerne båtrutene med ein pressa fylkesøkonomi.

– Men eg har forståing for at slike forslag vekkjar reaksjonar. Samstundes er det rådmannen si plikt å halde ein forsvarleg økonomi i fylkeskommunen.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

NEDSTEMT: Fylkestinget gjekk ikkje inn for fylkesrådmann Rune Haugsdal sitt forslag om å legge ned båtrutene.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Utfordringane for bebuarane langs Veafjorden, som ligg mellom Stamnes og Stanghelle, vart vist fram i NRK-programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» i fjor.

– Både fastbuande og hyttefolk nyttar båten heile året. Å legge ned ruta ville vore ein katastrofe for dei som bur her, seier Tore Heimvik, som er båtførar på skyssbåten MB Ospenes.

Slik ordninga er i dag er det faste ruter, men innbyggjarane kan også be om ekstra transport ved særskilde høve.

– Viss nokon vert sjuke så treng dei transport. Det er ikkje heile året at helikopter kan landa inst i fjordane, seier Kvamme.

Vil ha utgreiing

– Vi vil no gå i dialog med kommunane, seier Roald Kvamme (Ap).

Han meiner det er viktig at også brukarane og dei råka skal verta høyrd før ei endeleg avgjerd vert tatt til våren.

– Vi har fått fleire opplysningar etter at fylkesrådmannen la fram sitt budsjett. Vi vil no gå ein ny runde på dette, seier Kvamme.

Roald Kvamme

BER OM UTGREIING: Roald Kvamme (Ap) meiner det er viktig at kommunane og brukarane av båttilbodet vert høyrde før ei endeleg avgjerd vert gjort.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Helene Kvamme meiner det ei fornuftig avgjerd.

– Dette er ei stor glede og veldig oppløftande for oss. Det er ikkje meir enn rett og rimeleg at dei som forvaltar pengane våre i det offentlege oppfører seg høfleg, og spør kva vi meiner om saker og ting før dei gjer dramatiske endringar.

– Men kan ein i framtida rekna med at ein skal kunne ha eit offentleg tilbod til slike plassar i utkantane?

– Ja, det tenker eg. Ein ser jo stor interesse for «Der ingen skulle tru at nokon skulle bu». Det seier jo også at ein er interessert i å ha folk i distrikta, seier Helene Kvamme.