Hopp til innhold

Skulenedlegginga: – Løftebrot frå Arbeidarpartiet

Bystyret vedtok i dag å legga ned fem skular i Bergen, trass store protestar.

Haugland skule

OMSTRIDT: Det var ein to timar lang debatt før vedtaket om å legga ned fem skular i Bergen blei gjort torsdag. På galleriet hang banneret «La skulen leva!» - til ingen nytte.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

– Arbeidarpartiet fekk mi stemme ved å lova at dei ikkje skule legga ned Haugland, seier Jøran Nordøen.

Han hadde møtt opp på galleriet i bystyresalen saman med fleire sambygdingar for å gjera ein siste innsats for å hindra ei nedlegging av Haugland skule. Til inga nytte.

– Det er tragisk. Det er veldokumentert at Haugland er ein god skule. Betydeleg betre enn den elevane skal flyttast til, seier Nordøen.

Haugland skule er ein av fem skular som vart vedtatt nedlagt på bystyremøte i Bergen torsdag.

Nordvik skule, Riple skule, og ungdomstrinna i Eidsvåg og Ytre-Arna er dei andre som blir lagt ned.

Totalt 380 elevar mistar skuleplassen dei går på i dag.

Ingen skular skulle leggast ned

Etter valsigeren i september sa Pål Hafstad Thorsen (Ap), som seinare vart skulebyråd, at ingen skular i Bergen skulle leggjast ned.

– Vårt utgangspunkt er at me skal ha dei skulebygga me har, sa Hafstad Thorsen den gongen.

Haugland skule

PROTEST: Fleire hadde møtt opp med eigne t-skjorter for å visa sin motstand mot nedlegginga.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

– Denne planen ber preg av å vera eit løftebrot frå Arbeidarpartiet si side. Det gjeld Riple, det gjeld Haugland, det gjeld Nordvik, sa Hannah Atic (H).

– Noko må gjerast

Byråden gjekk langt i å stadfesta løftebrotet i avslutningsinnlegget sitt.

– Det har vore interessant å møta seg sjølv i døra, sa byråden frå talarstolen i bystyret.

– Det var ikkje dette eg hadde venta av Arbeidarpartiet. I dette vedtaket legg bystyret ned fleire skular enn dei åtte siste åra til saman, sa Ove Sverre Bjørdal (Sp).

Hafstad Thorsen argumenterte for at skuleforfall og bassengforfall gjer at nedleggingane og flyttinga av spesialskule-elevar må til.

Eg vil ikkje vera byråden som visste, men som ikkje gjorde noko, sa han.

– Skapar politikarforakt

Hilde Onarheim (H) reagerer på heilomvendinga frå Arbeidarpartiet.

– Ein har lova mykje i valkampen, og så står ein ikkje inne for noko som helst. Dette skapar veldig politikarforakt, ikkje berre for Ap men totalt sett, seier Onarheim.

Tone Schulstock har barnebarn på Haugland skulen, og er svært skuffa over konklusjonen bystyret landa på.

– Elevane ved Haugland skule har i dag lært ein ting, at ein kan ikkje stola på politikarane, og at det å halda løfte ikkje er vits i. Det er utruleg trist at ein skulebyråd gjer slikt overfor elevane i ein bergensskule, seier ho.