Hopp til innhold

– Politikarane ser ikkje kva som er best for bygda

Kalvatræet skole i Åsane vert likevel ikkje lagt ned, men for Haugland skule i Arna kan det bli siste spikaren i kista.

Haugland skole Haugland skule i Arna

NEDLEGGINGSTRUA: Haugland skule i Ytre Arna har blitt føreslått nedlagt i fleire tidlegare skulebruksplanar, men har alltid blitt berga. No er den på ny på lista over skular som byrådet i Bergen ønsker å avvikla.

Foto: NRK

Byrådet la i dag fram det endelege forslaget til ny skulebruksplan. (ekstern lenke)

Haugland skule i Ytre Arna er ein av tre skular som blir føreslått lagt ned.

– Me er veldig skuffa over at politikarane ikkje ser kva me meiner er det beste for bygda, og for barn og ungdom som veks opp her i Ytre Arna, seier leiar i FAU på Haugland skule Kjell-André Johannessen.

Skulebyråd Pål Hafstad Thorsen (Ap) seier hovudårsaka til ønske om å legga ned skulen er at dei vil bygga ein ny skule i Ytre Arna.

– Det handlar om den heilskaplege skulestrukturen i Arna bydel, me ønsker å bygga eit oppvekstsenter i Ytre Arna. Det vil bli ei god løysing for elevane ved Haugland skule og elevane i Ytre Arna.

Reddar Kalvatræet

I november la skulebyråd Pål Hafstad Thorsen fram utkast til skulebruksplanen som skal gjelda fram til 2030. Fire skular vart då føreslått lagt heilt ned:

  • Haugland skule, elevane skulle flyttast til Ytre Arna.
  • Nordvik skole i Fana, elevane skulle flyttast til Lysekloster skule i Os.
  • Riple skole i Fana, elevane skulle flyttast til Ulsmåg skole.
  • Kalvatræet skole, når Eidsvåg skole er ferdig rehabilitert.

Sidan november har planen vore ute til høyring, og protestane har vore store.

I det endelege forslaget blir Haugland skule, Nordvik skole og Riple skole framleis føreslått nedlagt, medan Kalvatræet skole får leva vidare.

–​ Lytta til bystyret

– Det har vore eit stort engasjement på Kalvatræet, og elevar, lærarar og foreldre har kjempa hardt mot nedlegging, seier Hafstad Thorsen.

For byråden spelte signala frå bystyret ei stor rolle når han valde å trekka forslaget om nedlegging.

– Det kom tydelege signal frå bystyrepolitikarane at dei synest det er veldig problematisk å legga ned Kalvatræet skule. Eg som byråd må lytta til bystyret, og då er det fornuftig å trekka tilbake forslaget.

Hilde Onarheim (H), som er nestleiar i oppvekstkomiteen i bystyret, konkluderte tidleg med at partiet ikkje kunne akseptera at Kalvatræet skulle leggast ned.

– Det er rett og slett eit svært dårleg forslag. Me har ikkje tatt stilling til heile planen, men å leggja ned Kalvatræet ser me på som uaktuelt, sa Onarheim til NRK i haust.

Fakkeltog for Kalvatræet skole

FAKKELTOG: Over 300 personar gjekk i januar i fakkeltog for å markera at dei ønska å bevara Kalvatræet skole. Den kommunal barneskulen på Åstveit har plass til 200 ordinære elevar frå 1. til 7. klassetrinn.

Tre svømmebasseng blir lagt ned

I tillegg til skulane, la byrådet i november opp til at fire skulebasseng skulle leggjast ned. Rollandshallen er blitt berga, medan dei tre andre framleis blir føreslått lagt ned:

  • Landåshallen, Årstad
  • Rå skole, Ytrebygda
  • Storetveit, Fana

Ifølge planen kan det bli ny ungdomsskule på Søreide likevel, byrådet snur i saka og ønsker å bygga på tomta som i utgangspunktet var for liten.

Torsdag 19. mai skal byrådet behandla saka. Deretter skal den til behandling i bystyret 15. juni.