– Kan bety slutten for både villaks og sjøaure

Sportsfiskar Reidar Staalesen fryktar at regjeringa bidrar til utrydding av både villaks og sjøaure når dei no tillèt meir laks i norske anlegg. – Det er skremmande.

Fryktar lakselus i Nordåsvatnet

MEIR ENN 100 LUS PER FISK: Eit tilfeldig utval av auren i Apeltunnvassdraget, som renn ut i Nordåsvatnet i Fana i Bergen, skremde forskarane. Dei oppdaga i snitt omtrent 100 lakselus på kvar einaste aure dei fanga. No reagerer ein av dei som har jobba med å sikra auren i vassdraget kraftig på at regjeringa vil tillate meir oppdrettsfisk per anlegg.

Foto: Kjell Gøran Hansen / NRK

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker sende måndag ut ei pressemelding, der ho og regjeringa seier at dei vil auke den lovlege mengda laks i norske oppdrettsmerdar.

Reidar Staalesen

FRYKTAR SLUTTEN PÅ VILLAKSEN: – På sikt kan dette tyde slutten på både sjøauren og villaksen. Korleis regjeringa kan meine at det vil bøte på lakselus-problemet å tillate trongare merdar, er meir enn eg kan forstå, seier Reidar Staalesen. Han er sportsfiskar og har lenge engasjert seg i arbeidet med å redde sjøauren i Apeltunvassdraget i Fana i Bergen.

Foto: Kjell Gøran Hansen / NRK

I pressemeldinga skriv Aspaker at tiltaket vil redusere førekomsten av lakselus med 30 prosent, noko blant anna Norges jeger- og fiskarforbund har stilt seg tvilande til.

Sportsfiskar: – Både trist og skremmande

Reidar Staalesen er sportsfiskar, og har gjennom fleire år engasjert seg kraftig i kampen for å redde sjøauren i Apeltunvassdraget i Fana i Bergen. No er han er skremt over regjeringa.

– Det er allereie alarmerande høge tal på lakselus. Denne sommaren er spådd til å bli ein av dei verste. Korleis skal ein auke i produksjonen av oppdrettslaks, som er vertskap for lusa, løyse det problemet? Det er ingen logikk i det.

Fryktar at lusa spreier seg til ferskvatn

Forskarar frå Uni Research Miljø har slått alarm etter å ha besøkt Apeltunvassdraget. Der har Staalesen saman med elevar frå Steinerskulen lenge arbeidd med å trygge omgivnadane for sjøauren.

Seniorforskar Ulrich Pulg fortalde då til NRK at så mykje lus i eit ferskvassdrag er svært uvanleg.

– Det er to mogelegheiter: Anten har fisken fått lusa på seg i sjøen, og så vendt tilbake til vassdraget for å vaske seg. Elles har den fått lusa på seg i Nordåsvatnet. Det er ekstra skremmande.

– Kva kan det tyde?

– Fordi då er jo lusa òg her, i brakkvatn. Det er i så fall første gongen.

På visse aurar fann dei fleire hundre lakselus, noko som er langt over dødeleg dose. Ekstra urovekkjande er det at auren held til i brakkvatn, ettersom lusa vanlegvis berre kan leve i saltvatn.

Sjå heile saka om sjøauren i Apeltunvassdraget under:

Created by InfoDispatcher

SLÅR ALARM OM LUS I FERSKVATN: Både lokalsamfunnet og forskarar er opprørte over at det nyleg blei funne lakselus på auren i Apeltunvassdraget i Fana i Bergen. I verste fall kan det tyde at lusa har lært seg å tilpasse seg ferskvatn, der den så langt ikkje har overlevd.

Føreslår førebels produksjonsstans

– Kva meiner du regjeringa burde gjort i staden?

– Eg meiner at den beste løysinga vil vere lukka anlegg. Det er den einaste løysinga på sikt for å bli kvitt luseproblemet. Men eg syns iallfall ikkje at ein bør auke produksjonen, då burde ein heller prioritere alternative metodar for å bli kvitt lusa.

– Kva då, for eksempel?

– Til dømes å legge brakk heile fjordar for ein periode, altså rett og slett ha produksjonsstans over ei tid og sett korleis det påverka luseproblematikken.

–Dette kan vere slutten på villfisken

No er Staalesen redd for at regjeringa si avgjerd vil truga både sjøauren og villaksen sin eksistens i framtida.

– Kva følgjer kan vedtaket om å auke det lovlege talet laks per merd ha på sikt?

– På sikt er eg redd det vil tyde at vi ikkje lenger vil ha sjøaure. Den vil nok ryke fort dersom det held fram på denne måten. Villaksen vil i så fall gå den same skjebnen i møte. Vi er allereie i den siste timen når det er snakk om å ta vare på dei villfiskstammane vi har.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.