NRK Meny
Normal

Sjeldne iskuler hagla ned over Bergen

– Verken eg eller mine kollegaer har sett på maken, seier statsmeteorolog.

Hagl på Askøy, juli 2017

Liv Galtung trudde det skulle bli hol i taket då desse haglkulene hølja ned frå himmelen.

Foto: Liv Galtung

Natt til måndag var det mange i bergensområdet som vakna av eit forferdeleg vêr. Lyn lyste opp himmelen, og medan tordenet braka, dundra svære haglkuler ned frå himmelen.

Meteorologane melder at det kom heile 25,4 millimeter nedbør mellom midnatt og klokka 02:00.

Liv Galtung fortel at ho sat heime i stova på Askøy og høyrde på det sedvanlege regnet.

– Etter kvart gjekk det over til meir «hardhendt» nedbør, og det vart ei kraftig dundring. Det høyrdest nesten ut som om det skulle bli hol i taket, fortel ho.

Rømmer av garde

Då ho gjekk ut for å sjå, såg haglet ut som store isbitar.

– Heile plenen var kvit, og eg har sett bilete frå andre som fann endå større hagl enn eg gjorde.

Det uvanlege vêrfenomenet gjorde at familien no tek affære.

– Eg tenkte at no må vi kome oss på ferie til ein annan plass, så i dag reiser vi til Sørlandet, fortel ei lattermild Galtung.

Desse haglkulene dundra ned på terrassen til Julie Eliassen Bauge.

SVÆRE: Desse isklumpane hagla ned i bergensområdet natt til måndag.

Foto: Julie Eliassen Bauge

Svært sjeldan fenomen

Martin Granerød, Statsmeteorolog i Vêrvarslinga på Vestlandet fortel at han og kollegaane har studert bilete av haglet.

– Eg kan ikkje sei at eg har sett ein slik type hagl før. Dei andre eg har snakka med er einige i at det er svært sjeldan ein har slike typar hagl i desse områda.

Han forklarar at dette er hagl som er danna i svært kraftige bygeskyer med mykje vind som bles oppover. Haglkorna dett ikkje ned mot bakken før dei veg meir enn oppdrifta greier å halda dei i lufta med.

Det som gjer at dei vert så store er at fleire haglkuler kolliderer med kvarandre og veks heilt til dei veg så mykje at dei dett ned på bakken. Då kan dei vere på storleik med isbitar.

– Eg har aldri sett så store hagl som dette, det har heller ikkje mine kollegaer, fortel Granerød.

Martin Granerød

SJELDAN: Statsmeteorolog Martin Granerød fortel at verken han eller kollegaane har sett maken til dei enorme haglkulene.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

Gledelege nyheiter

Etter ein juli månad som hittil har vore den kaldaste på 19 år, kan det vere freistande å reise utanlands. Men for dei som er tolmodige kjem sommaren på onsdag, lovar meteorologen.

– Det ser ut som det framleis vil vere regnbyer i dag og første del av tysdag. Men slett ikkje så kraftige som dei vi hadde i natt. På onsdag får vi besøk av sommaren, i alle fall på ein snarvisitt.

Medan vi hittil berre har hatt ein dag med temperatur over 20 grader denne månaden, skal vi altså få fleire sommardagar denne veka.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.