Hopp til innhold

Sjå Spark synge jula inn med NRK Hordaland

Høyr bergenskvartetten Spark med deira unike framføring av gammal britisk salme.

Kvartetten Spark fremfører julelåten "Holy Holy" eksklusivt for NRK Hordaland

SE VIDEO: Spark framfører «Holy, holy, holy» i NRK Hordaland sitt studio.

Kine Kringstad, Kaja Venge, Inga Andal og Katinka Alme utgjer bergensbandet Spark. NRK inviterte dei i studio for å spreie julestemning for vestlandingane.

Damene plukkar låtar frå eit breitt spekter av artistar, og gjer dei til sine eigne med ei rekke ulike instrument. Sjølv seier Spark-musikarane at dei har eit nært forhold for tette harmoniar og uvanlege instrument.

Høyr dei framføre Reginald Heber og John Dykes sin «Holy, holy, holy» i videoen over.