Hopp til innhold

Personrøyster hindra Ingrid og fire andre kvinner plass i kommunestyret

RONG (NRK): Sjølv om Høgre fekk ti mandat, blei det ikkje plass til sjuandekandidat Ingrid Marie Toft (61). Kvinner blir straffa av personrøyster, viser NRKs gjennomgang av 25 kommunar.

Ingrid Marie Toft i Øygarden Høgre

UT: Onsdag var det kommunestyremøte i gamle Øygarden kommune. Det blir eit av dei siste for Ingrid Marie Toft (H) som ikkje blei røysta inn i den nye kommunen.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

I lokalval kan veljarane setje kryss ved kandidatar for å gje dei ei personrøyst. Ein kan og velje å gi kandidatar frå andre parti ein ekstra røyst – ein såkalla slengar.

Desse «ekstrarøystene» kan avgjere kva politikarar frå dei ulike partia som kjem inn. Dei kan skyve ein førstekandidat ned og ut av kommunestyret, sjølv om partiet hennar har fått inn eit mandat.

NRK har gått igjennom dei detaljerte røystetala for alle 25 kommunar i Hordaland. Gjennomgangen syner at fleire kvinner enn menn er blitt kasta ut av kommunestyra etter at personrøystene blei talde opp.

I dei samanslåtte kommunane Alver, Bjørnafjorden, Ullensvang, Voss og Øygarden er tendensen spesielt tydeleg.

Frå sjuande til tjuande plass

Ein politikar som blei røysta ut er Ingrid Marie Toft frå Høgre i Øygarden kommune. Som erfaren politikar fekk ho sjuandeplassen for eit parti som til slutt fekk ti mandat i det nye kommunestyret.

Sjuandeplassen skulle halde, men personrøystene ville det annleis.

Då røystene var ferdig talde opp, hamna 61-åringen heilt nede på 20.-plass – utan plass i det nye kommunestyret. Fire andre kandidatar i Øygarden var i same posisjon som Toft.

Felles for alle fem: Dei er kvinner.

– Det er ikkje eit nederlag for meg personleg å bli røysta ut. Men det er trist for kvinner og kjønnsbalansen, seier Toft.

Ordførernes kjønn 2019-23

Dårleg representasjon

Utan personrøyster hadde det nye kommunestyret i Øygarden bestått av 42,2 prosent kvinner. Når personrøyster og slengarar er opptalde, er berre ein tredel av representantane kvinner.

Slik ser det ut for dei andre samanslåtte kommunane:

  • I Bjørnafjorden gjekk kvinnedelen frå 34,3 til 25,7 prosent.
  • I Alver frå 48,9 til 42,6 prosent.
  • I Ullensvang frå 39,4 til 27,3 prosent.
  • I Voss gjekk talet frå 53,5 til 48,8 prosent.

I berre to av dei 25 nye kommunane i Hordaland er fleirtalet av representantane kvinner.

Dei er Eidfjord og Etne.

– Ikkje medviten diskriminering

Signe Bock Segaard forskar på representasjon i politikken. Ho blir ikkje overraska av funna til NRK.

– Når veljarane gir ei personrøyst eller ein slengar, blir kvinnene taparar. Vi trur ikkje at det ligg medviten diskriminering bak dette, men i lokalpolitikken er det mange omsyn å ta, som geografi, erfaring eller kven veljaren kjenner, seier Segaard.

Nye Øygarden blir samanslått av Øygarden, Fjell og Sund. Ingrid Marie Toft kjem frå førstnemnde, men blei erstatta av ein kandidat frå Sund.

Utan personrøystene hadde Sund fått like mange representantar som Øygarden, sjølv om Sund har fleire innbyggjarar. Personrøystene gav Sund to «ekstra» representantar.

Signe Bock Segaard

FORSKAR: Signe Bock Segaard frå Institutt for samfunnsforsking forskar på mellom anna representasjon i lokaldemokrati.

Foto: Carsten Muller

Det same skjedde i Danmark

Forskar Segaard meiner dei samanslåtte kommunane er spesielt interessante.

– Kommunesamanslåing gir ein ny dimensjon. Geografi er alltid viktig, men vår hypotese er at det er endå viktigare no. Kjønn er òg viktig for veljarane, men her kjem eit omsyn som er endå viktigare, meiner Segaard.

Segaard viser til kva som skjedde etter kommunesamanslåinga i Danmark i 2007.

– Kvinnerepresentasjonen gjekk ned i det første valet. Men det har jamna seg ut sidan. Så spørsmålet i Noreg er kor lenge dette vil vare. Vi veit at lokal identitet er viktigare i Noreg enn i Danmark, i alle fall verkar det slik i den offentlege debatten, seier Segaard, som sjølv er dansk.

Børge Haugetun utenfor rådhuset i Øygarden, Rong

ORDFØRAR: Avtroppande Øygarden-ordførar Børge Haugetun fortel om tidvis lange køar då folk skulle røyste – ein sjeldsynt ting i Øygarden kommune.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Hopa seg opp med køar

Børge Haugetun, ordførar i gamle Øygarden kommune, seier at det danna seg lange køar i røystelokala under valet.

– Folk brukte mykje lengre tid no enn før. Eg trur at veljarane var opptekne av å få inn namn dei kjente til frå deira heimstader, seier han.

– Dette er jo eit viktig tema, og ein uheldig situasjon. Samstundes er personrøyster den einaste måten vanlege veljarar kan seie meininga si om rekkefølgja på listene. Spørsmålet er korleis ein kan la dette vere mogeleg, samstundes som ein ikkje får desse utslaga.

Les meir:

Øygarden rådhus på Rong

SAMANSLÅING: Øygarden-namnet held fram, men kommunen blir annleis. Frå nyttår slår gamle Øygarden kommune seg saman med naboane i sør, Fjell og Sund.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK