Hopp til innhold

Gustav er einaste ordførarkandidat frå den gamle kommunen

FUSA (NRK): Nye Bjørnafjorden kommune har åtte toppkandidatar frå Os – og berre éin frå Fusa. Forskar trur innbyggarar i samanslåingskommunar vil stemme fram sine eigne, og øydelegge kjønns- og aldersbalansen.

Gustav Folkestad frå Bjørnafjorden Venstre

EINSAM: Gustav Folkestad frå Venstre er den einaste ordførarkandidaten til nye Bjørnafjorden som har bustad i Fusa kommune.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Etter kommunereforma får Noreg 72 færre kommunar, og 9. september skjer det første valet i dei samanslåtte kommunane.

Ein av dei er Bjørnafjorden i Hordaland, som Frp-utstillingsvindauget Os går saman med Fusa i.

Partia sine nominasjonslister viser at den einaste ordførarkandidaten frå Fusa er Gustav Folkestad frå Venstre. Dei åtte andre listetoppane kjem alle frå Os.

– Det er viktig å prøve å balansere dette. Det er ein ny kommune og er viktig at nokon og representerer den minste delen av den nye kommunen. Spesielt då vi såg at det var fleire på Os-sida som var førstekandidatar, seier Folkestad.

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

FORSKAR: Yngve Flo ved Norce forskar på kommunar og ser fram til valet. – Det blir spennande med desse samanslåtte kommunane. Os og Fusa er veldig forskjellige kommunar, der Os har vore styrt av Frp og Høgre i mange år, mens Fusa er ein klassisk raudgrøn bygdekommune.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– «Veslebror» har grunn til uro

Fusa er den klart minste av dei to kommunane, med 3861 innbyggjarar mot Os sine 20.804. Det betyr at Fusa får berre om lag ein sjettedel av folketalet i den nye kommunen, men listetoppfordelinga står likevel ikkje heilt i stil.

Kommunesamanslåingane i Noreg vil få utslag når valresultatet kjem, trur kommuneforskar Yngve Flo ved forskingsinstituttet Norce.

– I dei mindre partane av dei samanslåtte kommunane, som i Fusa, trur eg veljarane er ekstra opptekne av geografi for å sikre at heimbygda blir godt representert i den nye kommunen. Dei har kanskje grunn til å vere urolege for at storebror stikk av med dei fleste og feitaste politiske postane, seier han.

Terje Søviknes NRK-debatt Bjørnafjorden

SØVIKNES I DEBATT: NRK sender debattar frå alle kommunane i Hordaland før valet. Sjå debatten frå Bjørnafjorden her.

Kan gå utover kjønnsfordeling

I kommuneval kan ein gje personstemmer på lista du stemmer på, og slengarar til kandidatar frå andre parti. Det betyr at folk langt nede på listene i teorien kan få plass i kommunestyra.

Denne retten trur Flo at veljarane vil nytte seg av meir i dette valet enn før. Og det kan òg få konsekvensar for andre omsyn enn geografi.

Partia tek omsyn til alder og kjønn når dei set opp vallistene. Med ekstra mange personstemmer i dei samanslåtte kommunane, kan balansen her bli øydelagd.

– Eg vil tippe at mange veljarar vil vere meir opptekne av å rette på listene enn normalt. Kanskje vil dei løfte fram sine kandidatar frå heimbygda og den gamle kommunen. Det kan gjere at folk tar mindre omsyn til andre faktorar som at kvinner skal bli betre representert eller ungdom, seier Flo.

– Er det problematisk viss det går utover kjønnsbalanse eller aldersspreiing?

– Det kan ein seie, men samstundes trur eg at vi er i ein overgangsperiode. Det er ein ny kommune i ein slags unntakstilstand. Det kan vere at det normaliserer seg i neste val, seier Flo.