Historiske bilder: The Rolling Stones i Norge i 1965
Heile historia: The Rolling Stones
Konserten blir spelt 6. juni på Koengen i Bergen.
Arrangør Frank Nes i BergenLive blei svært glad då han i dag fekk høyra Mick Jagger stadfesta at dei til sommaren.
- Rolling Stones er det største rockebandet nokonsinne, og dei er det framleis. Det er eit gigantisk sirkus som er ute og turnerer med jamne mellomrom, fortel han.
Bandet har aldri spelt i Bergen før, men opptrådd fire gongar i Noreg totalt.
The Rolling Stones speler i Noreg i 1965. Foto: Aktuell/Scanpix
- Det største som har skjedd
I NRK Hordaland sine lokal på Minde var det ein ekstatisk Bård Ose, musikkekspert i NRK, som kom inn dørene i dag tidleg.
- Dette er det absolutt største som nokonsinne har skjedd på Vestlandet når det gjeld populærmusikk og rock. Det er ikkje mogleg å toppa dette! jublar Ose.
- Du har 1. divisjon, du har elitedivisjon. Men i tillegg har du ein eigen klasse som eigentleg er uoppnåeleg, og i den klassen finn du folk som Frank Sinatra, Elvis Presley, The Beatles og The Rolling Stones, fortset han.
Klarte det umoglege
For nokre år sidan klarte arrangørane å få Neil Young til å vitja Grieghallen.
- Eg trur BergenLive jobbar svært seriøst. Dei jobbar for artistane, og samstundes er dei flinke til å leggja forholda tilrette for publikum, meiner Ose.
Tergar på seg kristne?
Musikkekspert Ose har tidlegare meint at Stones er så uoppnåeleg for bergensarane at jesus kjem til Bergen før Rolling Stones.
- Og det at dei kjem 6.6.06 vil nok provosera ein del kristne. Det liker Jagger & co, seier han.
Plass til 20 000
Det har vore jobba hardt i åtte månader for å få musikklegendene til Bergen.
Truleg blir det gjort plass til 20 000 personar på Koengen under konserten. Det er halvparten av det Valle Hovin ville hatt plass til.
1345 kroner billetten
Prisen på billettane blir 1345 kroner, inkludert avgift. Billettsalgt startar måndag 12. desember klokka 10.00.