Det var nesten storm i kasta då olje- og energiminister Tord Lien hadde tatt turen til ein av landets største vindpark, nemleg Midtfjellet Vindpark på Stord i Hordaland på fredag.
Interessa for å byggja ut vindkraft har vore som ein flau bris i Norge, samanlikna med Sverige. Svenskane har satsa ti gongar så mykje som Norge på dei fire åra landa har hatt ei felles finansieringsordning for vindmøller og utbygging av fornybar kraft.
– Dette er ei felles finansieringsordning og mesteparten av investeringane har hamna i Sverige. Det ønskjer vår regjering å retta på og innføra gunstigare avskrivingsreglar for vindkraftutbygging i Norge, seier Lien.
Han får støtte frå regjeringspartnar Høgre.
– Det vil bli investeringar på opptil 35 milliardar kroner fram mot 2020 med dei nye reglane, seier miljøtalsmann Nikolai Astrup.
- SJÅ OGSÅ:
Vindkraftbransjen jublar
Vindkraftbransjen jublar og lovar storstilt utbygging av vindmølleparkar i Norge.
– No vil vi nærma oss svenskane, fordi vi kan få brukt dei ressursane vi har i Norge. Vi skal ta igjen Sverige og køyra godt på og få opp desse parkane, seier Øyvind Isachsen, administrerande direktør i Norsk Vindkraftforeining.
Men avskrivingsreglar er ikkje alt. Kraftlaget som eig Midtfjellet Vindpark vil byggja fleire turbinar, men meiner låge kraftprisar er det største problemet.
– Prisane betyr veldig mykje. Produksjonen betyr sjølvsagt mykje og, men det er prisen som vil vera avgjerande for ein investeringsbesluttning, seier Erik Mortensen, dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft.
- SJÅ OGSÅ:
Miljøstiftelsen Zero ønskjer regelendringa velkomen. Dei meiner det er eit nødvendig og viktig tiltak for å leggja til rette for ny fornybar næringsverksemd.
– No gjev vi norske utbyggarar ein sjanse i kampen om framtida sine arbeidsplassar, seier nestleiar Kari Elisabet Kaski.
– Rasering av naturen
Styreleiar i Den norske turistforeining (DNT) Berit Kjøll, meiner at forslaget vil rasera naturen utan ein plan.
– I kampen for å redda klimaet må vi ikkje ofra naturen. DNT krev stans i alle konsesjonar til det er utarbeidd landskapsstrategi. Vi må ikkje gjenta dei same feila som under vasskraftutbygginga på 70-talet. vi risikerer å rasera noko av den vakraste kystlinja og naturen i verda, seier Kjøll.
No oppmodar DNT regjeringa til å først utvikla ein nasjonal landskapsstrategi før eventuell utbygging.
– Dei aller beste løysingane får vi når vi plasserer vindkraftanlegg der dei er best egna, samtidig som vi tar godt vare på naturen, seier Kjøll.