Hopp til innhold

Rebecca (10) og Ine (11) rydda plast med Erna Solberg: – Alle må samle meir plast

KOLLEVÅG, ASKØY (NRK): Over heile landet blei strender rydda i dag. Statsminister Erna Solberg tok òg turen, og dei vaksne får ei klar oppmoding frå dei yngre deltakarane.

Strandryddedagen

RYDDA: Rebecca Lind Hatland (t.v.) og Ine Ovidia Hjelmeland Larsen (t.h.) synest det er viktig å halda naturen fri for søppel. Dei synest begge at statsministeren var flink til å plukka boss.

Foto: Ole Omar Larsen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er kjempegøy å sjå at så mange barn deltek i så meiningsfylt arbeid, seier statsminister Erna Solberg (H).

Frå Agder i sør til Finnmark i nord ryddar folk strender i dag. Ein av aksjonane er i Kollevåg på Askøy, der statsministeren bidreg.

Der møtte ho to frå Barnas Turlag, Rebecca Lind Hatland (10) og Ine Ovidia Hjelmeland Larsen (11). Begge går i femte klasse på Mathopen skule.

Erna Solberg tok tak

TOK TAK: Erna Solberg plukka sjølv boss. Ho har erfaring frå speidaren som ung.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

– Kva vil de seie til statsministeren i Noreg?

– Alle må begynne å samle meir plast, og vi må få fleire bosspann i skogen, seier Larsen.

– Dei vaksne må ha med seg plastpose, og ta opp det dei ser når dei er ute, seier Hatland.

– Litt slitsamt

Sjølv har dei funne både lyspærer, tau og mange plastposar i strandkanten.

– Det er litt slitsamt, men det blir berre betre for miljøet, seier Larsen.

Til dei som kjem over skrot i naturen, har dei ei klar oppmoding:

– Ta det med og kast det, ikkje la det ligge igjen. Om ingen plukkar bosset så blir det berre liggande i naturen, seier Hatland.

Strandryddeveka opna i Geiranger

GEIRANGER: I Geiranger i Møre og Romsdal blei strandryddeveka opna tidlegare denne veka. 1.272 forskjellige aksjonar er meldt inn til foreininga Hold Norge Rent.

Foto: Gunhild Sætre

Den store strandryddedagen er ein del av Strandryddeveka som starta 29. april og varer til 5. mai, som går føre seg over heile landet.

Ifølgje foreininga Hold Norge Rent er det meldt inn 1 272 forskjellige aksjonar i Noreg denne veka. Dagleg leiar i Hold Norge Rent, Lise Keilty Gulbransen, seier til NRK at totalt 39.000 var påmelde til aksjonane, men at dei trur talet er høgare.

Stort oppmøte

Leiar for Barnas Turlag, Hild Aase er ein av initiativtakarane til arrangementet. Ho er veldig fornøgd med oppmøtet.

– Ungane sin innsats er veldig bra, og oppmøtet er stort. Og så er det ekstra spennande at statsministeren er med. Politikarane må ta ansvar, seier Aase.

Solberg hyllar innsatsen til ungane som er med på å gjere strendene fine til badesesongen.

– Det er ein fantastisk dugnadsinnsats her i dag, og som har vore dei siste åra når det gjeld rydding, seier ho.

Små strandryddarar i Solund

SOLUND: Unger frå Solund barnehage i Sogn og Fjordane plukka plast torsdag.

Foto: Bjarte Engevik

Vekt av plastkval

Kvalen som blei funnen i 2017 vekte stor oppsikt då forskarar fann 30 plastposar i magesekken. Solberg trur kvalen har vekt mange.

– Ryddinga har vakse til å bli ei stor folkerørsle, seier ho.

I fjor deltok 45.000 personar i strandryddeveka.

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

FULL AV PLAST: Kvalen som blei funne på Sotra hadde 30 plastposar i magen.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen