Etter forhandlingar med dei to sentrumspartia, går Høgre og Framstegspartiet i Bergen med på å stoppa fleire av kuttforslaga som byrådet la fram.
- Økonomisk sosialhjelp til klede skal likevel ikkje behovprøvast.
- Den økonomiske sosialhjelpa frå og med barn nummer fire skal ikkje fjernast.
- Terskelen for at psykisk sjuke skal kunna delta på kommunen sitt aktivitetssenter skal ikkje hevast.
Kuttforslaga vart lagt fram fordi byrådsavdelingane har brukt meir pengar enn budsjettert på same tid som kommunen opplever svikt i skatteinntektene.
– Me har heile tida vore tydeleg på at me ikkje kunne gå med på desse kutta, og er derfor fornøgde med at me no har greidd å få byrådspartia med på at desse kutta må stoppast, seier Julie Andersland, som er Venstre sin gruppeleiar i bystyret.
Dei planlagde innsparingane innanfor barnevern og heimehjelpstenester har sentrumspartia derimot akseptert.
– Men me har sagt tydeleg ifrå om at dette ikkje skal bety at innsparingane innanfor barnevern ikkje skal bety at det skal meir til for at barn skal få hjelp, seier Andersland.
Onsdag vedtek bystyret budsjettjusteringane.
LES ÒG: – Uaktuelt med kutt for dei svakaste
Sentrum får skryt frå Ap
Arbeidarpartiet sin gruppeleiar Harald Schjelderup, som gjerne vil samarbeida med KrF og Venstre etter valet, passar på å skryta av dei to sentrumspartia.
– Eg er glad for at KrF og Venstre har pressa byrådspartia til å gå vekkk frå desse usosiale kutta. Det skal dei absolutt ha honnør for, seier Arbeidarpartiet sin gruppeleiar Harald Schjelderup.
Han meiner likevel at innsparingane innan barnevern og heimehjelp, som vil få fleirtal i bystyret onsdag, kan råka svake grupper.
– Me er uroa over at det framleis skal sparast pengar særleg innanfor barnevern og heimetenester, og går ikkje med på desse kutta, seier Schjelderup.
LES ÒG: Sviktande tillit til bergenspolitikken
Manglar inndekking
Sjølv om dei borgarlege partia stoppar fleire av kutta på byrådet si liste, tar dei ikkje stilling til korleis kommunen i staden skal gjera innsparingane.
Dei ber i staden byrådet om å om å finna alternative budsjettpostar å kutta.
– Sidan me har eit mindretalsbyråd, føler eg meg trygg på at byrådet kjem tilbake til byrådet når dei har funne ut kva innsparingar som kan gjerast. Det er heller ikkje så store beløp det er snakk om, seier Andersland.
Men kor vil de kutta?
– Me må akseptera at det må sparast. Me har henta pengar i administrasjon, at enkelte ledige stillingar framleis skal vera ledige og me har redusert noko på innkjøp, seier Ap sin gruppeleiar.
– Små beløp
– Me er glade for at me har komme fram til ei løysing, seier Høgre sin gruppeleiar Dag Skansen.
Han meiner det ikkje er dramatisk for kommuneøkonomien at bystyregruppene til dei fire partia ikkje har funne inndekking for dei reverserte kutta innan psykiatri og sosialhjelp.
– Det at me har valt å ikkje finna inndekking heng saman med at det er snakk om relativt små beløp, og har full tiltru til at byrådet skal greia å finna andre plassar å gjera desse kutta Eg vil jo og understreka at heller ikkje Ap har saldert sine endringar, seier Skansen.