Hopp til innhold

Politiet vil skanne gravplass på nytt i Trine Frantzen-saka

Søk med georadar og 3D-skanner har førebels ikkje gitt politiet nye svar i den 15 år gamle forsvinningssaka.

Undersøker med georadar på Øvsttun kirkegård

UKLÅRE SVAR: Politiet, med hjelp av firmaet Cowi, skanna tolv graver med georadar på Øvsttun gravplass 11.mars.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

I ei pressemelding torsdag opplyser politiet at resultata av søka på Øvsttun gravplass i førre veke, førebels er usikre.

– Derfor vil vi bruka noko meir tid og planlegge nye søk med kraftigare utstyr på dei same tolv gravene. Håpet er at dette utstyret skal gi oss klarare svar, slik at vi kan ta dei riktige avgjerdene for kva vi gjer vidare, seier politiinspektør Tore Salvesen i Vest politidistrikt.

Forsvinninga til Trine Frantzen er ei av dei store krimgåtene i Noreg. 31-åringen forsvann sporlaust etter ein fest i nærleiken av gravplassen natt til 7. mai 2004.

Tore Salvesen på Øvsttun kirkegård

NYE SØK: Politiinspektør Tore Salvesen på Øvsttun gravplass 11. mars, då politiet gjorde nye søk i Frantzen-saka.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Vil gjera nye søk

Det var måndag førre veke at politiet gjekk til verks med georadar og 3D-skannar på Øvsttun gravplass i Bergen.

Totalt tolv graver vart undersøkt, etter ny informasjon som kom fram i dokumentarserien Insider på tv-kanalen Max.

Familien har venta på eit svar på kva som skjedde med Frantzen i nesten 15 år.

Det ser førebels ut til at dei enno må venta litt.

– Det er viktig at vi gjer dette arbeidet og vurderer det så nøye vi kan. Både av omsyn til den vidare etterforskinga og ikkje minst dei pårørande til Trine Frantzen og til dei som er gravlagd på staden.

– Politiet håpar å få gjennomført dei nye undersøkingane før påske, legg Salvesen til.

frantzen-søk

«Judasdose»

Ein teori som kom fram i dokumentaren på Max, skal vera at Frantzen, som høyrde til i eit belasta rusmiljø, vart drepen av ein overdose narkotika sett av andre. Deretter skal ho ha blitt dumpa i ein annan person si grav.

Dei gravene som vart undersøkt i førre veke, var graver som var nye i april og mai 2004, i perioden då Frantzen forsvann.

Den nye utviklinga i saka vekkjer likevel oppsikt.

Etter at politiet starta søka på gravplassen, har det kome inn fleire tips og opplysningar i saka, opplyste politiet til NRK tidlegare denne veka.

Søker etter Trine Frantzen på Øvsttun kirkegård

RADARSØK: Politiet vil gjera nye søk med kraftigare utstyr, og er truleg ferdig med arbeidet til påske.

Foto: Jon Bolstad / NRK