Hopp til innhold

Klaga på utebod – nå blir det blokk i staden

FJELL (NRK): Han klaga på at ein planlagd utebod på nabotomta ville stengja for lys og sol. Så blei planen endra og Erik Sakslo får i staden ei bustadblokk åtte meter frå huset sitt.

Erik Sakslo

I SKUGGEN: Høgda på blokka blir frå toppen av lyktestolpen til toppen av bjørka, seier Erik Sakslo.

Foto: Leif Rune Løland /NRK

– Blokka kjem seks eller åtte meter frå terrassen min. Høgda blir omtrent frå toppen av den bjørka og bort til toppen av lyktestolpen. Fem meter høgare enn mønet mitt.

Erik Sakslo peikar bortover den bratte bakken der kveldssola i dag kan smyga seg inn i hagen hans.

– Me blir fullstendig innebygd.

Det var nettsida tunnelsyn.no som først omtala saka.

I skuggen av utviklinga

Han bur eit kvarters køyring vest for Bergen, i Geitevikja på øya Litlesotra. Området rundt kommunesenteret Straume skal bli Sotra Kystby – eit etter planen nytt, pulserande og urbant sentrum. Som del av den ekspanderande bygdebyen blir ei rekke landlege bustadområde endra.

Erik Sakslo

PROTESTERER: – Det er sleipt å søka på denne måten, meiner Erik Sakslo etter at utbyggjaren har får gjera ei planlagd bod om til bustadblokk fire meter frå nabogrensa og fem meter over mønet hans.

Foto: Leif Rune Løland/NRK

Einebustaden til Erik Sakslo er i ferd med å hamna i skuggen av utviklinga. Det han trudde skulle bli ein skjemmande utebod på nabotomta, er omdefinert til ei tre-etasjars bustadblokk tett på huset hans.

– Dei hadde teikna ein liten firkant og ein prikk. Me antok det var ein bod, og klaga på at den var for nær og for høg. Årevis etterpå fekk me teikningar som viste at «boden» var blitt ein del av blokka.

Dei seier den første teikninga berre var ein illustrasjon. Eg kallar det heller ein illusjon.

Erik Sakslo

Klaga på bod

Sakslo klaga på reguleringsplanen for ei lågblokk og reagerte særleg på at det skulle byggjast ein høg utebod for leilegheitene som ville stengja for kveldssola. Då Fjell kommune og Fylkesmannen i Hordaland avviste klaga, kalle dei det også ein bod.

Tegning av "bod", Sotra kystby

BOD? I reguleringsplanen viste den første teikninga ein felles utebod (det øvre gule bygget) tett ved huset til Sakslo (til høgre).

Foto: Illustrasjon frå ABO Plan & arkitektur

Sakslo klage igjen, og først tidlegare i år fekk han sjå teikningar som viste at utbyggjaren planlegg ei samanhengande bustadblokk, og ikkje ein bod.

– Både eg og kommunen har misforstått. Byggherren har nok gjort dette taktisk. Det er sleipt å søka på den måten.

Når ein skal byggja ein by, må ein knusa nokre egg.

Berit Karin Rystad, plan- og utbyggingssjef i Fjell

«Det er ikke lagt opp til noen utvendig bod», skreiv bergensfirmaet OG Arkitekter i april i år. Arkitektane skreiv at dei først hadde teikna ein felles bod for dei elleve einingane, men at det var ein illustrasjon som ikkje er juridisk bindande.

NRK har vore i kontakt med selskapet, som meiner dei har følgt alt av lovar og reglar. Det får dei støtte i hos Fjell kommune.

Arkitekttegning av boligblokk Sotra kystby

BLOKK: Utpå nyåret 2016 fekk Sakslo teikningane som viste at også øvre del av bygget (til høgre) er bustadblokk.

Foto: Illustrasjon frå OG Arkitekter

Kommunen: Gjort etter planen

Plan- og utbyggingssjef Berit Karin Rystad i Fjell kommune avviser at byggherren eller kommunen har gjort noko gale, og seier at det ikkje er lureri.

– Utbyggjaren kan sjonglera med korleis dei vil forma ut boden og bustaden. Det er gjort etter boka.

Ho fortel at det har vore ein god del klager i samband med fortettingane og urbaniseringa.

Berit Karin Rystad, plan- og utbyggingssjef Fjell kommune

BYGGJER BY: – Utbyggjaren har utnytta handlingsrommet han har, seier plan- og utbyggingssjef i Fjell kommune, Berit Karin Rystad.

Foto: Leif Rune Løland/NRK

– Men viss me gir dispensasjonar og ikkje held oss til planen for Sotra kystby, misser me handlekraft og investorar.

Arkitekttegning av boligblokk, Sotra kystby

ELLER BLOKK? Då nabovarselet kom to år seinare var blokka og «boden» samanhengande.

Foto: Illustrasjon frå OG Arkitekter

– Så det er viktig å ikkje ta omsyn til innvendingar frå naboar?

– Svært viktig, særleg på slutten av planprosessen. Når ein skal byggja ein by, må ein knusa nokre egg.

I ein tidlegare versjon av saka stod det at klaga no blir behandla av Fylkesmannen i Hordaland. Det er ikkje riktig. Etter klaga frå Sakslo skal Fjell kommune på synfaring.