«Musikk for anløpende skip» hadde Ole Hamre kalla konseptet han urframførte onsdag. 30 musikarar og dampbåtar spelte saman i den heller spesielle konserten på Vågen i Bergen.
- Kongen av Bergen
«...med pipa so let...» Pipa på ein av dei 30 båtane som danna instrumentet i Bergen. Foto: NRK
Det er ny teknologi som har gjort båthornorkesteret mogeleg. Kvar einaste fløyte på dei ulike båtane var knytt opp til ein tangent
på klaviaturet som musikaren Morten Kvenlid, kjend frå mellom anna gruppa Jaga Jazzist, spelte på.
- Det kjendest som om eg var kongen av Bergen, det var ei heilt sinnsjuk kjensle. Det var berre å stå og trykke på ein knapp, så kjem liksom fire båter samtidig med full «blast» i pipa. Heilt vilt, seier Kvenlid.
Det var ingenting å seie på samspelet mellom dei majestetiske veteranbåtane og dei elektroniske instrumenta i går trass stor avstand i alder. Ideen til den flytande storkonserten har Ole Hamre brygga på lenge.
Gamal draum
- Eg har vokst opp ved fjorden og alltid høyrd på båtane og alltid opplevd det som musikk, når det var tåke og dei fløyta til kvarandre og sånn som det. Eg har eigentleg hatt ideen i bakhovudet heile vegen, men no var endeleg teknologien klar for å kunne gjere det, seier han.
Publikum på Vågen var det mange av, og dei var godt nøgd etter storkonserten i går, sjølv om nokre rett nok peika på at det kunne vere vanskeleg å få med seg det melodiøse oppi det heile...