Hopp til innhold

To paragliderulukker på rappen under Ekstremsportveko

Mann sendt til sjukehus med store smerter etter å ha styrta i taket på Voss kulturhus. Samstundes sit ein pilot fast på ei fjellhylle lenger nord.

Paragliderpilot styrtet på Voss

STYRTA PÅ TAKET: Ein paragliderpilot måtte få behandling på taket etter å ha styrta på taket av Voss kulturhus. Mannen er sendt til sjukehus.

Foto: Geir Geitle / Avisa Hordaland

Ein paragliderpilot styrta på taket av kulturhuset like før klokka 16 tysdag ettermiddag. Personen kom seg ikkje ned og måtte få behandling av helsepersonell på taket.

«Høghastigheitsskade»

– Personen har skadar i arm og smerter i overkroppen. Han blei sendt til sjukehus med store smerter og ein mogleg brekt arm, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Helsepersonell omtala skaden som ein «høghastigheitsskade». Mannen var vaken då han blei køyrd vekk i ambulanse.

– Me har ikkje fått noko tilbakemelding på kva som skjedde i forkant av at mannen styrta. Mannen var vaken og medviten, men hadde store smerter.

Tysdag kveld opplyser Helse Bergen at mannen er lettare skadd.

Paraglider styrtet på Voss kulturhus

STORE SMERTER: Mannen er sendt til Voss sjukehus med det politiet omtalar som store smerter.

Foto: Geir Geitle / Avisa Hordaland

Mann sat fast på fjellhylle

Kort tid seinare kom det melding om ei ny ulukke, denne gongen i Undredal, like over fylkesgrensa til Sogn og Fjordane.

Ein «speedflier», som deltok i organisert flyging med utspring i Aurland, sette seg fast på ei fjellhylle i Undredal. Eit Sea King-helikopter måtte henta utøvaren ned.

– Han deltok i ein organisert flyging i vår regi. Han er i fin form, seier dagleg leiar Sofie Torlei Olsen i Ekstremsportveko.

Veit lite om skadeomfanget

Utøvaren som styrta på Voss, er utøvar under Ekstremsportveko, men deltok ikkje i noko konkurranse då han krasjlanda tysdag ettermiddag.

Sofie Torlei Olsen

DAGLEG LEIAR: Sofie Torlei Olsen i Ekstremsportveko.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Olsen seier arrangørane gjer det dei kan for å ta vare på dei pårørande.

– Me gjer det me kan for å vareta dei som treng det.

Meldinga om dei to ulukkene kom med kort tids mellomrom.

– Dette er hendingar me sjølvsagt ikkje ynskjer, og dei set ein støkk i oss alle.