Hopp til innhold

Pappsuksess for epla i Hardanger

ULLENSVANG (NRK): For fyrste gong på fleire år vert frukta frå Hardanger pakka i papirposar i staden for plast. – Det er dyrare, men vi sel meir eple.

Epler i Hardanger vert pakka i papp

PAPP I STADEN FOR PLAST: Arbeidarane på Hardanger Fjordfrukt pakkar i år eple og plommer i papp- og papirposar, i staden for plast.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Pappen har slått an, seier dagleg leiar Leif Øie i Hardanger Fjordfrukt.

Han peikar bort på pakkebandet, der eple og plommer vert sortert. Frukta som tidlegare vart putta i plastposar, hamnar no i brune papirposar.

– Det er første året på lenge at vi har gått over til papp som innpakning, og det er aller første gong vi har prøvd papirposar på plommer. Vi har fått gode tilbakemeldingar, seier Øie.

– Eg trur det har noko med trenden i tida å gjere. Spesielt etter at kvalen på Sotra vart funnen med magen full av plast, vart det «in» med papir i staden for plast.

Noko dyrare

I kvar papirpose er det plass til om lag 1,7 kilo med frukt, tilsvarande 10–15 eple.

– Emballasjen er dyrare enn tidlegare, men vi pakkar meir i papirposane enn i plasten. Det gjer at folk kjøper meir eple, seier Øie.

Han fortel at Hardanger Fjordfrukt ikkje går i minus som følge av endringa, og kallar omlegginga ein suksess.

– Det ser finare ut og er betre butikk. Forbrukarane verkar å vere nøgde.

Leif Øye

NØGD: Framleis vert sekspakningane med eple dekka til med noko plast, men plastposane er byta ut med papir. Dagleg leiar ved Hardanger Fjordfrukt, Leif Øie, er godt nøgd både med endringa og eplesesongen elles.

Foto: Tale Hauso / NRK

Øie fortel om ein god haust på fruktpakkeriet.

– Det har vore meir plommer enn forventa, faktisk er dette den beste plommesesongen vi har hatt så lenge eg har vore her.

Hardanger Fjordfrukt står i år for om lag 40 prosent av den totale omsetninga av plommer i Hardanger.

– Det er svært bra, seier den daglege leiaren.

Nok ein god eplehaust

Sjølv om plommesesongen går mot slutten, er det ikkje stille på fruktpakkeriet. No er det epla som står for tur.

– Vi pakkar om lag 2,5 til 3 tonn i timen. I løpet av to skift er det mellom 30 og 40 tonn eple som vert pakka og send vidare same dag, fortel Øye.

Epler i Hardanger

GOD HAUST: Også i år ser eplehausten i Hardanger ut til å bli god.

Foto: Tale Hauso / NRK

Etter ein fantastisk eplehaust i Hardanger i fjor, var det knytt spenning til om årets sesong skulle verte like god.

– Med dei sortane vi har hatt så langt ligg vi opp mot det vi hadde i fjor, og det var ein svært god sesong. Det er også gledeleg at det er ein del presseple, men det er mange som ønskjer desse – så dei har vi faktisk for lite av, seier Øye.

– God, men ikkje optimal smak

På Jåstad i Ullensvang er fruktbonde Jørund Kvestad godt i gong med sesongens eplehausting.

– Epla i år er litt for små, samanlikna med den gode sesongen i fjor. Men vi har ei grei mengd eple, seier Kvestad.

Fruktbonden har hektiske dagar, og reknar med å plukke om lag 50 tonn eple denne hausten.

Jørund Kvestad

TRAVEL: Fruktbonde Jørund Kvestad har 35 års erfaring. Han reknar med å plukke om lag 50 tonn eple i haust.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Smaken er bra, men den er ikkje optimal. Det er fordi vi har hatt for lite sol og varme. Men vi har hatt fine dagar den siste veka, og det har hjelpt godt på. Hardangereple er uansett best, seier Jåstad.