Hopp til innhold

Epla modna på rekordtid: – Dette er heilt ekstremt

HARDANGER (NRK): Eplesesongen har vore så god at fruktlagera får problem. Meteorologen seier at klimaendringane kan ha skulden.

Sigbjørn Larsen Brusletto, dagleg leiar i Hardanger Fjordfrukt

FULLT: Eplehausten har vore så god at dagleg leiar i Hardanger Fjordfrukt, Sigbjørn Larsen Brusletto, knapt får plass på lageret.

Foto: Tale Hauso / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein kort og intens sesong utanom det vanlege. Slik har fruktbønder i Hardanger opplevd årets eplesesong.

– Du kjenner det på kroppen når det er så hektisk, seier fruktbonde Olav Velken på Utne i Ullensvang.

Han har brukt mykje kortare tid enn vanleg på innhaustinga. No er det straks tomt på trea på garden. Epla står stabla i store kasser, klare til å bli sendt til fruktlagera.

– Det har vore ein god sesong. Kvaliteten er også veldig bra. Det ser vi på både farga og smaken.

Også hos fruktbonde Kari Sigrun Lysne i Lærdal i Sogn og Fjordane har frukthausten vore strålande. Ho er engasjert i Bondelaget, og jobbar først og fremst med bønder som dyrkar frukt. Sjølv driv ho med dyrking av morellar og aprikosar.

– Sesongen har vore fantastisk. Volumet er stort og kvaliteten er enorm. For aprikos er dette tidenes år, seier Lysne.

Men den gode sesongen har skapt store utfordringar for dei som skal ta imot frukten.

Fruktbonde Olav Velken

HEKTISK: Eple som blei modne tidlegare enn vanleg har skapt ekstraarbeid for bonde Olav Velken. Til slutt gjekk han tom for haustekasser.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Utruleg hektisk

På fruktlageret på Utne i Ullensvang har det kome inn 1600 tonn eple på fire veker. Det er like mykje som det kom på over sju veker i fjor.

600 tonn er pakka, men framleis står det nesten 1.100 tonn eple att på lageret.

– Vi har hatt ein utruleg hektisk sesong. Det er heilt ekstremt at vi har hatt ein så kort periode der alt skulle inn. Vanlegvis bruker vi sju-åtte veker. No måtte vi gjere det på halv tid, seier Sigbjørn Larsen Brusletto, dagleg leiar i Hardanger Fjordfrukt.

Auka har skapt problem for logistikken, fortel Brusletto. Fruktlageret har mangla både plass og haustekasser. For det bognar ikkje berre av eple. I tillegg til den gode eplehausten har 2019 vore eit rekordår for plommer.

– Vi har nesten ikkje nok lagerplass. Alt blir sprengt når det er så store mengder som skal inn på kort tid.

Sigbjørn Larsen Brusletto, dagleg leiar Hardanger Fjordfrukt

LOGISTIKK: Lageret til Hardanger Fjordfrukt er nesten for lite for all frukta som kjem inn.

Foto: Take Hauso / NRK

Varmare klima

Både fruktbøndene og Brusletto på fruktmottaket på Utne peiker på eit varmare klima som ei årsak til at modninga skjedde så fort i år.

– Eg har spekulert i det. At frukta kanskje modnast raskare enn før på grunn av klima og at somrane er varmare, seier Brusletto.

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid seier til NRK at sesongen starta dårleg i år, med kaldt vêr i vår. Men seinare har det vore ein tørr sommar med varmerekord på Vestlandet og mykje nedbør i haust. Han koplar dette til klimaendringane.

– Den langsiktige trenden er at det blir varmare, og eit varmare klima er isolert sett gunstig for jordbruket når vekstsesongen blir lengre. Allereie kan bønder slå tre gonger i staden for to. Samstundes kan nye problem dukke opp som nye insekter og skadedyr, samt kraftig torden og regnbyer som kan øydelegge avlingene, seier han.

Sjølv om fruktbonde Olav Velken er glad for ei god innhausting, blei det nesten for mykje for han også.

– Når det modnar fort må ein ha mange hender for å få alt ned. Det var nesten så du måtte halde pusten når du gjekk inn i feltet fordi det datt ned så mange eple heile tida.