Overlege ved Haukeland blir ny skulebyråd

Harald Victor Hove (H) går av som skulebyråd, og blir erstatta av Jana Midelfart Hoff. Det blei klart då Martin Smith-Sivertsen (H) overtok som ny byrådsleiar i dag.

Martin Smith-Sivertsen overtok i dag som byrådsleiar i Bergen.

NY BYRÅDSLEIAR: Martin Smith Sivertsen fekk i formiddag overrekt nøklane til byrådsleiarkontoret i Bergen.

Jana Midelfart Hoff

NY SKOLEBYRÅD: Overlege Jana Midelfart Hoff er det eneste nye navnet i Smith-Sivertsens byråd.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Kjære Martin. No er dagen her. Den kom kanskje litt før det du eigentleg hadde planlagt, men sånn er det.

– Her er nøkkelen. Pass godt på byen. Eg ønsker deg inderleg lykke til.

Med desse orda overrekte Ragnhild Stolt-Nielsen nøkkelen til byrådsleiarkontoret til Martin Smith-Sivertsen, klokka 10 i dag.

– Dette gler eg meg veldig til. Eg ser fram til å gå i gang med jobben, og til å møte alle dei andre som eg skal jobbe saman med på rådhuset og i Bergen kommune, sa Smith-Sivertsen til NRK i dag tidleg.

Martin Smith-Sivertsen (H) blei med 103 av 171 stemmer valt til ny byrådsleiarkandidat for Høgre i førre veke. I dag måtte Ragnhild Stolt-Nielsen (H) lausne på nøkkelknipet, og gje vidare både nøkkel og kontor til den nye byrådsleiaren.

Harald Victor Hove og Smith Sivertsen

PRESENTERER NYTT BYRÅD: Martin Smith-Sivertsen (H) til venstre presenterer i dag sitt nye byråd. Det er venta at Harald Victor Hove (H) til høgre, vil gå av som skulebyråd.

Foto: Jon Bolstad / NRK

BAKGRUNN: Martin Smith-Sivertsen blir ny byrådsleiar

Bergen får ny skulebyråd

Byråd for barnehage og skule, Harald Victor Hove (H), har sagt at han ikkje ønskjer å halde fram som byråd, dersom Ragnhild Stolt-Nielsen går av. Det var difor forventa at Smith-Sivertsen i dag kom til å presentere ein ny skulebyråd.

– Me har gått utanfor rådhuset for å hente inn ein ny skulebyråd. Det er overlege ved Haukeland sjukehus, Jana Midelfart Hoff, som vil ta over for Hove, annonserte Smith-Sivertsen etter å ha overtatt byrådsleiarkontoret.

Martin Smith-Sivertsen

BYRÅDSLEIAR: Martin Smith Sivertsen såg ut til å trivast i byrådsleiarsetet då han overtok kontoret i dag.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Fram til Midelfart Hoff tiltrer som ny skulebyråd 1. januar 2015, vil Charlotte Spurkeland fungere som konstituert byråd.

Dei tre byrådane i Frp, Liv Røssland, Helge Stormoen og Eilert MaCody Lund, held fram som før. I Høgre vil Hilde Onarheim og Henning Warloe halde fram som i dag med same ansvarsområde.

– Budsjettet blir det fyrste eg gyv laus på

Martin Smith-Sivertsen meiner veljarane ikkje kjem til å merke dei store endringane når dei no får ein ny byrådsleiar.

Ragnhild Stolt-Nielsen

GÅR AV: Ragnhild Stolt-Nielsen var blid, men noko skuffa då det sist veke blei kjent at ho må gje seg som byrådsleiar. I dag overrekker ho nøklar til byrådsleiarkontoret til Martin Smith-Sivertsen.

Foto: Jon Bolstad

– Det er jo Høgre sin politikk, og den same plattforma vil ligge til grunn, seier Smith-Sivertsen, som etter å ha tatt over for Stolt-Nielsen, fyrst og fremst ta fatt på arbeid med økonomien i Bergen.

– Denne hausten er det viktig å få losa budsjettet i hamn. Dei økonomiske sidene vil vere det fyrste å gyve laus på.

LES OGSÅ: Smith-Sivertsen har trua på kommunevalet

Presenterer det nye byrådet klokka 10

Nøkkeloverrekkinga vil gå føre seg på byrådsleiaren sitt kontor på rådhuset klokka 10. Like etter vil Smith-Sivertsen presentere sitt nye byråd.

Deretter skjer følgjande:
11.00 Konstituerande byrådsmøte
12.00 Byrådsleiaren besøker ordførar Trude Drevland og bystyrets gruppeleiarar.

Tidspunkt for nøkkeloverrekkinga til andre byråd vil bli kunngjort etter byrådets konstituerande møte.

LES OGSÅ: Kaller Smith-Sivertsens inntreden et kupp

Siste video

Bergen stasjon, eller Jernbanestasjonen? Sterke meiningar i Vestlandsrevyen i dag. Her kan du også sjå at Bergen kommune vil ha folkedugnad mot bygningsforfall, og flyktningar slit med einsemd. 
Programleiar Jan Børge Leirvik.
På nytt vekker gatekunstner AFK oppsikt. Nå har han malt det som trolig er landets lengste «street art», laget av en enkelt kunstner.
Se 10. klassene fra Ortun og Kinsarvik kjempe om å vinne fylkesfinalen i Klassequiz!