Hopp til innhold

Støre bryr seg mindre om kven Arbeidarpartiet samarbeidar med

Arbeidarpartiet sentralt har gitt ordførarkandidatane fritt spelerom i kampen om makta. Det har gjort at Ap i Hordaland har sikra seg styringa i rekordmange 14 kommunar.

Schjelderup

Påtroppande byrådsleiar i Bergen, Harald Schjelderup (Ap) saman med partileiar Jonas Gahr Støre under valkampen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Vallogo

– Me har fått veldig grei beskjed om at skal søka samarbeid med alle, seier Siri Klokkerstuen (Ap).

Ho er nyvalt ordførar i Etne, og er klar på at det ikkje berre er det gode valresultatet som gjer at Arbeidarpartiet har sikra seg rekordmange ordførarar i Hordaland.

Ein anna grunn kan vera at partiet sentralt rett og slett har slutta å bry seg med kven dei samarbeider med lokalt.

Fritt handlingsrom

– Me har fått beskjed frå sentralt hald om at me står heilt fritt til å vurdera detta lokalt.

– Opplever du at det har vore friare enn tidlegare?

– Ja, det gjer eg, seier Klokkerstuen.

Med 13 ordførar i Hordaland, slår Arbeidarpartiet rekorden frå 1991 då partiet hadde 12 ordførar i fylket.

I tillegg er fylkesordføraren og den påtroppande byrådsleiaren i Bergen frå Arbeidarpartiet.

Ap

REKORDGLIS: Her er fire av Ap-ordførarane i Hordaland saman med fylkesordførar Anne Gine Hestetun under representantskapsmøte i Arbeidarpartiet torsdag kveld. Dei er godt nøgde med å ha fått rekordmange ordførarar etter valet. F.h. Terje Mathiassen, Atle Kvåle, Hans Erik Ringkjøb, Siri Klokkerstuen og Anne Gine Hestetun.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Til sengs med fienden

Rekorden er blitt til mykje på grunn av ei rekkje uortodokse samarbeid.

I Etne har Frp og KrF sikra Ap ordføraren. Eit anna døme finn ein i Fjell der partiet har funne saman med Høgre. I Bergen er Ap i forhandlingar med Høgre og Frp sine regjeringskameratar i Venstre og KrF.

Då Arbeidarpartiet i Sandnes for fire år sidan inngjekk samarbeid med Frp vart det murring på Youngstorget. Men fylkesleiar og attvalt ordførar på Voss, Hans Erik Ringkjøb, meiner dei sentrale signala har endra seg dei fire siste åra.

– Me har fått klar melding frå partisekretær og partileiing om at det er viktig at me er ein samarbeidspartnar i lokalpolitikken og at me skal søka breie alliansar. Det er viktig å ha venner i politikken, og det veit Arbeidarpartiet.

Men fylkesleiaren forstår at enkelte reagerer på at partiet går til sengs med nasjonale fiendar.

– Difor må ein vera tydeleg på dei samarbeida ein inngår. Ikkje minst på det som har med politisk innhald å gjera. Der kan ein ikkje gå på akkord med våre kjerneverdiar og det som partiet står for.

Ringkjøb

Avtroppande ordførar på Osterøy, Kari Aakre, saman med ordførar på Voss, Hans Erik Ringkjøb.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Kan bli vanskeleg

Avtroppande ordførar i Kvinnherad, Synnøve Solbakken er av dei som har erfaring med utradisjonelle samarbeid. Framstegspartiet var med på å gje henne ordførarvervet i førre periode.

– Men når ein kom litt ut i perioden, og økonomien vart anstrengt, så sprakk samarbeidet.

Solbakken trur fleire av dei uortodokse kollisjonane kan verta utfordrande for Arbeidarpartiet.

– Eg trur dette kan bli ei oppleving i fleire kommunar, fordi ein er ulik i sine val.

I Etne kryssar Siri Klokkerstuen fingrane for at det spesielle ekteskapet med KrF og Frp skal halda.

– Me har sett døme på at desse samarbeida lokalt kan fungera, som i Sandnes kommune. Difor må me berre våga å prøva dette ut, seier Klokkerstuen.