Hopp til innhold

Ordførarkampen avgjort i alle kommunar unntatt Bergen

Sjå lista over ordførarane i Hordaland 2015-2019.

Harald Schjelderup og Marte Mjøs Persen

BERGEN: Marte Mjøs Persen (Ap) er saman med Marita Moltu (KrF) favorittar til å bli ordførar i Bergen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Det kan bli maktskifte i så mange som 21 av dei 33 kommunane i Hordaland. Det skjer etter ei historisk valnatt med brakval for Arbeidarpartiet i heile fylket.

Per 5. oktober er det avklaring i maktspørsmålet i heile fylket, med unntak av Bergen, der Ap, KrF og Venstre vil samarbeida, men ordførarkampen ikkje er avklart.

Slik ser situasjonen ut i heile fylket, kommune for kommune:

Askøy

Arbeidarpartiet er størst på Askøy, og Terje Mathiassen låg best an til å bli Askøy sin nye ordførar. Siv Høgtun (H) sa til NRK at ho har enno ikkje planar om å rydde kontoret sitt.

Det tok si tid med ei avklaring, men 14 dagar etter valet har Arbeidarpartiet blitt samde med Askøylisten, SV, MDG og Rødt om å danne ein fleirtalskoalisjon.

Dermed blir Terje Mathiassen (Ap) ny ordførar i Askøy.

Austevoll

Morten Storebø

AUSTEVOLL: Morten Storebø (H) blir ny ordførar i Austevoll kommune.

Foto: Natalie Mariell Elholm

Det var eit kriseval for Frp i deira bastionkommune Austevoll. Difor må noverande ordførar Renate Møgster Klepsvik sende ordførarkjeda vidare til Morten Storebø og Høgre.

Austrheim

Arbeidarpartiet beheld sin posisjon som det største partiet i kommunen, og Per Lerøy går inn i sin andre periode som ordførar i Austrheim.

Bergen

Harald Schjelderup og Dag Inge Ulstein

KAMERATAR: Harald Schjelderup (t.v.) og Dag Inge Ulstein (KrF) informerte pressa 16. september om at dei går inn i byrådsforhandlingar saman.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det er framleis ikkje avgjort kven som tar over etter Trude Drevland (H) i Bergen. Arbeidarpartiet vil gå inn i vidare byrådsforhandling med KrF, og er på jakt etter samarbeidspartnarar. Marte Mjøs Persen (Ap) og Marita Moltu (KrF) er dei heite kandidatane.

Bømlo

Ap blei største parti også i Bømlo, og ordførar Odd Harald Hovland får sitje i fire år til.

Eidfjord

Senterpartiet blei skubba av trona i Eidfjord. Arbeidarpartiet klarte å kare til seg 42,8 prosent av stemmene medan Sp ligg på 41,5 prosent. Det var lenge usikkert om sitjande ordførar Anved Johan Tveit (Sp) fekk behalde ordførarposten, eller om Gunnvall Medhus (Ap) vil ta over.

30. september er det endeleg klart. Senterpartiet inngår eit valteknisk samarbeid med Høgre, og Anved Johan Tveit (Sp) held fram som ordførar i Eidfjord.

Etne

Siri Klokkerstuen

FØRSTE I SITT SLAG: Siri Klokkerstuen vert historisk i Etne.

Foto: Tale Hauso / NRK

Arbeidarpartiet, KrF og Frp har gått inn i eit historisk og litt overraskande samarbeid i kommunen. Det har sikra Siri Klokkerstuen frå Ap ordførarkjeda, som den første kvinnelege ordføraren i kommunen.

LES MEIR: Første kvinnelege ordførar skal leia historisk samarbeid

Fedje

Høgre går fram og blir største parti i Fedje. Kristin Handeland (Ap) må gi frå seg ordførarvervet til Stian Herøy (H). Ordførarkabalen vart klar i helga. Varaordførar Roy Asle Tungland frå KrF held fram i vervet.

Fitjar

Wenche Tislevoll

TRYGG: Wenche Tislevoll sit trygt i Fitjar.

Foto: Høyre

Over 40 prosent av stemme gjekk til Høgre i Fitjar. Wenche Tislevoll har navigert godt gjennom sine fire første år, og får no gå i gang med fire nye år i ordførarstolen.

Fjell

Marianne Bjorøy

FJELL: Det kan bli nye kostar i Fjell kommune. Ap blei størst, og Marianne Bjorøy ligg an til å bli ny ordførar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Høgre blir vippa ned frå trona av Arbeidarpartiet som blir størst med 27,6 prosent av stemmene. Men dei to partia samarbeider framleis.

Ap, Høgre og KrF inngjekk eit samarbeid som gjorde at Marianne Bjorøy (Ap) vart ordførar og Tom Georg Indrevik (Høgre) vart varaordførar. KrF skapte deretter uvisse då dei trakk seg frå avtalen. Men Ap og Høgre seier til avisa Vestnytt måndag 28. september at dei står fast på avtalen og har fleirtal med 18 mot 17 mandat i kommunestyret utan KrF.

Fusa

Atle Kvåle frå Arbeidarpartiet vert ny ordførar i Fusa. Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre har inngått ein samarbeidsavtale. Magne Djuvik (Frp) vert varaordførar.

Granvin

Det blir eit knallval for Sp i Granvin med 38,9 prosent oppslutning. Knut Endre Folkedal kunne sikte seg inn på fire år i ordførarsetet medan Venstre såg ut til å mista ordføraren etter å ha gått tilbake heile 13,5 prosentpoeng. Men eit valtekniske samarbeid mellom Venstre, Høgre og Arbeidarpartiet gjer at Ingebjørg Winjum kan ta til på fire nye år som ordførar.

Jondal

Det er inngått ein intensjonsavtale mellom Sp og KrF i Jondal. Jon Larsgard (Sp) blir ordførar og Reidun Haugen Dalseth (KrF) blir varaordførar for den komande valbolken. I tillegg vert KrF sikra representasjon i alle politiske utval. Sp har åtte, og KrF to av i alt 17 kommunestyremedlemar.

Kvam

Jostein Ljones

NY ORDFØRAR: Jostein Ljones.

Foto: Roy Bjorge

Jostein Ljones frå Senterpartiet vert ny ordførar i Kvam. Høyrest Asbjørn Tolo må derfor gje frå seg ordførarkjeda. Dei tre partia Sp, Høyre og Kristelig Folkeparti vart i kveld einige om å inngå eit samarbeid.

– Eg vert ordførar, varaordførar vert Heidi Sandven Botn (KrF) og leiar for plan- og bygningsutvalet Ottar Randal (H), seier Jostein Ljones til NRK. Sp vant førre kommuneval, men då blei Ljones sett på sidelinja og fekk ikkje ordførarvervet.

Kvinnherad

Peder Sjo Slettebø (H) vert ny ordførar i kommunen. Etter å ha gjort eit brakval måndag, har Høgre inngått eit samarbeid med den andre valvinnaren Senterpartiet, som får varaordføraren. Også KrF og Venstre inngår i samarbeidet.

LES OG: Dette var dei viktige sakene i valet i Kvinnherad

Lindås

Ordfører i Lindås Astrid Aarhus Byrknes

LINDÅS: Astrid Aarhus Byrknes (KrF) går inn i sin tredje periode som ordførar i Lindås.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Astrid Aarhus Byrknes klarer for tredje val på rad på auke KrF si oppslutning i Lindås. Dermed blir ho ordførar også dei neste fire åra. Nina Bognøy (Ap) blir ny varaordførar.'

LES OG: Desse sakene var viktige i Lindås-valkampen

Masfjorden

Høgre gjer eit brakval i Masfjorden, og går fram 6,2 prosentpoeng til heile 38,1. Karstein Totland blir sitjande som ordførar.

Meland

Øyvind H. Oddekalv

MELAND: Øyvind Helland Oddekalv (Ap) ligg an til å ta over ordførarklubba i Meland etter 16 år med Høgre-styre.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Nils Marton Aadland må levere frå seg ordførarkjeda i Meland, etter at Ap blei største parti med 25,1 prosent. Høgre har styrt i 16 år, men no er det duka for Arbeiderparti-styre med Øyvind Helland Oddekalv i spissen. Tysdag kveld etter valet vart Ap samde med Høgre og Senterpartiet om eit valteknisk samarbeid.

Modalen

Solrenningslista fekk 126 stemmer i Modalen, noko som sørga for over 50 prosent oppslutning. Dermed får dei inn sju representantar i kommunestyret, mot Samlingslista sine seks. Tom Kristian Thorsen (SOL) blir ny ordførar.

Odda

Linda Haugland Jondal og Roald Aga Haug

RØD JUBEL: 2.-kandidat Linda Haugland Jondal og ordførarkandidat Roald Aga Haug skåler for resultatet i Odda. Ap går fram nesten elleve prosent i byen og overtar makta frå Høyre.

Foto: Tale Hauso / NRK

Arbeidarpartiet har tatt tilbake industribyen Odda og fekk heile 46 prosent av stemmene. Roald Aga Haug blir den neste ordføraren i kommunen, og tar over etter John Opdal (H).

LES MEIR: Ap tar tilbake makta dei mista

Os

Terje Søviknes har eit godt grep om ordførarkjeda i Os kommune med 39,4 prosent av stemmene. Søviknes blei første gong valt som ordførar i Os i 1999.

Osterøy

Jarle Skeidsvoll

NY ORDFØRAR: Jarle Skeidsvoll (KrF).

Foto: Leif Rune Løland

Trass i at Ap går tilbake, er dei framleis største parti, men det betyr ikkje at dei får makta i kommunen.

Både Ap, H, KrF og Frp ønskte ordføraren, men etter mykje fram og tilbake blei det 5. oktober klart at Jarle Skeidsvoll (KrF) blir ordførar, medan Alf Terje Mortensen (Frp) blir varaordførar.

Radøy

Jon Askeland (Sp) er klar for å styre i fire nye år med 34,5 prosent av stemmene. Han går inn i sin tredje periode som ordførar.

Samnanger

Knut Harald Frøland

NYTT ANDLET: Knut Harald Frøland frå Bygdalista kjem inn i Samnanger.

Foto: Privat

Knut Harald Frøland frå Bygdalista blir ordførar i Samnanger. Bygdelista, Senterpartiet og Frp blei valets vinnarar i kommunen og vart i går samde om å samarbeide etter valet. Sitjande ordførar Marit Aase frå KrF har vore ordførar sidan 1999, men stilte ikkje til attval.

Stord

Harry Herstad

STORD: Harry Herstad (Ap) er den store valvinnaren, og kan truleg førebu seg på eit tilverke som ordførar.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Ap er klart største parti og tar elleve mandat i kommunestyret. Måndag 21. september blir det klart at Harry Herstad frå Arbeidarpartiet blir ny ordførar i Stord kommune. Ap har inngått samarbeid med Sp, SV og KrF. Jakob Bjelland (Sp) blir varaordførar. Dermed er åtte år som ordførar over for Liv Kari Eskeland frå Høgre.

Sund

Dei borgarlege held på makta i Sund. Likevel har partiet gått tilbake ti prosent, medan Ap hentar nesten ni prosent. Kari-Anne Landro (H) er likevel sikra fire nye år etter å ha fått på plass ein avtale med KrF, Venstre og Frp.

Sveio

Ap veks markant, og tar heile 15,1 prosent fleire stemmer enn ved sist kommune- og fylkestingsval. Høgre er taparen, og mistar ordføraren. Dermed går ordførarkjeda til Jorunn Skåden (Ap), ved hjelp av ein sjeldan konstellasjon: Det er nemleg Ap og Frp som har vorte einige om samarbeid.

Tysnes

Se debatten fra Tysnes. I panelet er Kjetil Hestad (Ap), Kåre M. Kleppe (H), Magnar Solheim (Frp), Øystein Flakke (KrF) og Kristin Teigland Gjerstad Kleppe (Sp).

VIDEO: Sjå den ferske ordføraren i aksjon under NRK si debattsending på Valferja.

Kåre Martin Kleppe (22) har klart kunststykket å kapra ordførarvervet i Tysnes. Han blir med det den yngste ordføraren i Hordaland. Høgre inngår samarbeid med Senterpartiet og Framstegspartiet i kommunestyret. Kristin Teigland Gjerstad Kleppe (Sp) blir varaordførar.

Ullensvang

Solfrid Borge

VETERAN: Solfrid Borge (Sp) går inn i sin fjerde periode som ordførar i Ullensvang.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Senterpartiet gjorde eit godt kommune- og fylkestingsval både på landsbasis og i Ullensvang der dei fekk 42,5 prosent. Solfrid Borge går med det inn i sin fjerde periode som ordførar og kan heilt klart klassifiserast som ein ordførarveteran i Hordaland. Borge har sete i vervet sidan 2003. Det er nå stadfesta at Sp inngår samarbeid med SV, Ap og KrF. – Eg kan bekrefte at eg er klar for fire nye år, seier Borge til NRK.

Ulvik

Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) vert ordførar i Ulvik i fire nye år. Samarbeid med Senterpartiet og Høgre held fram, men denne gong med kandidat frå Sp som varaordførar.

Vaksdal

Ap har fått meir enn dobbelt så stor oppslutning som parti nummer to (Sp) i Vaksdal. Eirik Haga (Ap) sit difor trygt også dei neste fire åra. Han går no inn i sin tredje periode.

Voss

Hans Erik Ringkjøb

VOSS: Ordførar Hans Erik Ringkjøb og Arbeidarpartiet går fram 7,7 prosentpoeng i Voss.

Foto: Voss kommune

Arbeidarpartiet går fram 7,7 prosentpoeng sidan sist val, og blir desidert størst. Hans Erik Ringkjøb held fram som ordførar. Dei raudgrøne partia Ap, SV og Senterpartiet har auka sin oppslutning i kommunen og fortset samarbeidet i nye fire år.

Øygarden

Tverrpolitisk valliste for Øygarden (TVØ) gjer eit brakval og får 37,8 prosent av stemmene. Børge Haugetun (TVØ) vert ny ordførar i kommune. TVØ gjorde tysdag kveld det klart at dei har inngått eit samarbeid med Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti om å styra kommunen dei neste fire åra. Frp og KrF skal seinare verta samde om kven som får varaordføraren.