Rekrutteringa til havbruksnæringa slit, men optimismen rår altså ved Høgskolen i Bergen.
På randa til nedlegging
- Men det er klart at om me ikkje hadde fått opptak i år kunne det i verste fall ført til at me hadde måtta legga ned heile utdanninga. Såpass tøft er det, seier Jan Ove Kvammen, instituttleiar for Institutt for akvakultur-, kjemi- og bioingeniørfag ved Høgskolen i Bergen.
I fjor var det ikkje nok søkjarar til å oppretta klasse i havteknologi.
Illustrasjonsfoto
- Årsaka går på at næringa slit prismessig. Når det ikkje er optimisme på den måten, så vil det spre seg, meiner Kvammen.
Tolv nye studentar
Men no ser det betre ut og det rår ein optimisme i havbruksnæringa etter dei tøffe åra. No byrjar tolv nye studentar som har god tru på arbeidsmarknaden som vil møta dei om tre år. Ein av dei er førsteårsstudent Lorenz Olsen.
- Eg trur at når me er ferdige om tre år så er arbeidsmarknaden veldig bra, seier han.
Praktisk og næringsretta
Med ein laksepris på veg opp, nye oppdrettsmoglegheiter, samt at høgskulen har endra utdanninga til å verta meir praktisk og næringsretta, er det ei tru på at rekrutteringa til havbruksnæringa igjen vil blomstra.